tirsdag 30. desember 2008

Signy forteller;

Her går dagane i eit avslappande tempo. Aslak og eg startar dagane med å symje eit par rundar rundt båten før me kosar oss med ein lang og god frukost. Laurdag var me med på ei samling saman med nordmenn som hadde kryssa Atlanteren. Då møtte me ein spennande person som heiter Peter Røren. Han kryssa Atlanteren for 25 år sidan i sjølvbygd båt. Fredag, som er namnet på båten, forliste på reva utanfor Union Island. Nå har han skrive boka, Kakerlakkenes død, som kom ut i 2005 på Flyt forlag. For tida blir den brukt som høgtlesing ombord og kan anbefalast til andre eventyrlystne. Søndag segla me attende til St Vincent for å kjøpe påhengsmotor til Dinghyen (lettbåten). Me har brukt muskelkrefter for å koma i land til nå, men straumsjø gjer den vanskelig å ro og styre. På seglturen fekk eg mi første rorvakt. Det var ein del urolig sjø så eg trur dette gjorde godt på ”grevinneblondene”. Elles har eg nytte av balanseøvingane frå morgonstrekken. Å stå på ein fot å kle seg når ein gyngar på bølgjene er ein utfordring sjølv med opne augo. Måndag var Aslak og eg i Kingstown. Me nytta lokal buss. Dvs 19 stk i ein minibuss. Det var handel både på gatene og i butikkane. For oss såg det ut som alle selde alt mulig, kler, sko, leiketøy, boksar osv.
Elles er me på lange snorkleturar. Det er utruleg mange rare skapningar å sjå. I dag såg me ei fantastisk flyndre som på få sekund forandra farge. Hadde me ikkje oppdaga henne medan ho rørte seg hadde me aldri lagt merke til fisken. Vidare møtte me ein flokk blekksprut som symde i formasjon.
Kveldane går med til prat, lesing og kortspel .

St. Vincent og Kingstown


Lennuk eller La Familia?

Skuta heite Lennuk på sin fyrste jordomsegling frå 1999-2003. På sin andre jordomsegling bar ho namnet La Familia (frå Gudfaren filmen). På sin neste jordomsegling vil ho få tilbake sitt orginalnamn.

Originalnavnet Lennuk* (the flyer), får skuta igjen først til høsten når jordomseilingscrewet er på plass. I mellomtiden blir det fortsatt noen mnd i karibien under navnet "familien på Berge", siden Signy og Aslak blir vertskap denne tiden. Velkommen!

*Les meir om namnet Lennuk og dei vise menn frå Norge i nasjonalhistoria til Estland.

lørdag 27. desember 2008

Admiralty Bay
Bequia.
Me ligg her på 4. dagen. Dei siste par dagane har me blitt meir kjent med mannskap i dei andre båtane.
Fleire av dei har seila ARCen, dvs ein felles og konkurranse seilas frå Kanariøyane til St. Lucia her i Karibien. Ein 31 fots First med mor og far, ein onkel og tri born, den eine på 8 mndr, vann seilasen og ligg her ved oss. Dei segla spinnaker kvar dag unnateke 3 netter. Det betyr handstyring heile tida. Imponerande. Andre kom med spesialmannskap og høge ambisjonar utan å nå opp. 3 av båtane her skal gjennom kanalen ( Panamakanalen) sidan. Kleng og Anne har vore inne i fleire av desse båtane for å sjå og høyra sidan dei har tankar om jordomseiling sjølve Alt frå ankringsteknikkar, seglføring, vedlikehald til ordningar inne i båten og kommunikasjons og vervarslingssystemer er diskutert. Denne båten har fleire slike system, men me treng trening med det som er oss framant. Me brukar ein PC som kartplottar, C.-map og kopling til APnavigator. Radar har me ikkje hatt bruk for , men sjekka at han fungerer. SSBradio har eg bala med ei heil tid. Inmarsat-C er elten å ha på , den pip heile tida. VHF med to handhalne småapparat er hendig. Djupne og fartsmælar er nyttinge og flotte greier.
På bukta her ligg Tjeldøy, påsett to master og klyverbom. Heile opplegget ser underleg ut, men Tjeldøy er Tjeldøy ( meiner å minnast båten frå Bergen) Ved fergelemmen her inne ligg Bequia Explorer II. Den ser mistenkeleg kjent ut. Ved nærare ettersyn ser eg ”RENNESØY, Stavanger” påsveist under malinga. Eg spurde ein matros kor båten kom frå: ” Far up north” var svaret. Fann ikkje kapteinen då.
Me gjekk til julegudsteneste i den Anglikanske kyrkja her. Den er frå 1860talet. Alle dører på vid vegg, vindaugo opne for lufting. Ein gamal prest med stav forretta. Han starta med å forklara kvifor det var så få innfødde møtte fram: ”Everybody get drunk on christmas eve, so very few are able to attend. That is how it is, we have to live with it.”
Sidan frammøte av båtmannskap og turistar var heller godt, vart det sus i songen likevel. Ein hund møtte også fram og sat så fint oppmed altaret. Det var ingen instrument, men ei ferm dame song føre så det ljoma. Eit stykke ut i gudstenesten gjekk alle rundt og helsa på einannan.
Signy og eg gjekk ein tur på asfalt og sementvegane her oppetter lida. Oppi skaret såg me over til andre sida og såg Atlanterhavet fritt og ope. Det rulla seg innetter lyse strender og braut fossande kvite band inn mot landet der ute. Me vart sårføtte av å gå på desse fille sandalane.
Eg snakka med ei dame som hadde ei lita handelsbu oppi gata. Ho hadde tri born, mannen tyktest vera borte, for ho mått skaffa inntekter, selde all slag smykke. Heime hadde ho sauer: Ei søye, ein ver. Dei var inne om natta, ho leidde dei ut på ope beite bak huset om morgonen, så gjekk dei i band heile dagen. Om kvelden henta ho dei inn att for vatninga. Elles slo ho noko gras og gav om kvelden i tillegg. Lammet kom for nokre veker sidan, men få dagar etterpå kom nabohundane og braut seg inn og sleit lammet i filler. Munnen skolv då ho fortalde det, både av tapet og av medynk med lammet sitt. Ho orka ikkje sjølv rydda opp etterpå. Elles stridde ho med ei 14 års jente, opposisjonen hennar sleit på mor, ho valde helst å tru at jenta ville klara å ta dei rette val.
Bilane her har lakkert på seg ymse livsmotto eller utsagn frå dei trusretningar som eigaren lever med. Nokre ber fram Rastamotta: Be cool, Take it easy, No worry. Andre meir kristne utsagn: Praise the Lord, God is good. Båtane som jager for påhengskrefter kringom har like eins namn måla på sidene.
Seglbåtane har fantsifulle namn som ofte røper den nasjonalitet båter har. Elles tek dei utgangspunkt i sagn og litteraturfigurar. Det er nærast tabu å kalla båten opp etter ektefellen.
Dette vert skrive om bord, så vonar eg å klippa og lima inn på land .
Dei andre tekstane er skrive på direkten, med dei feil som då renn i hendene.
Aslak

Bequia

Signy sin oppsummering av reis og tur fram til 27.12.08
Etter å ha tatt farvel med Jon på flyplassen på Sola tidlig søndag morgon 21. desember la eg ut i den store verda. Reisa varte bortimot to døgn. Eg hadde mellomlanding og venting i London, New York og Port av Spain før eg kom fram til St Vincent der Aslak møtte meg på flyplassen. På turen var eg omgitt av travle menneske som hadde eit til felles, nemleg at dei var på vei til eit eller anna. Flyplassane var pynta med glitter og stas til jul og i Trinidad vart ein møtt av ei stor julekrybbe.
Alt på reisa gjekk bra. Eg fekk med meg all bagasje og ønskt god jul frå både tollarar og reisande.

Etter ein rotur i mørke og ein del straumsjø kom me fram til Lennuk, som ennå har namnet La Familia etter siste eigar. På båten vart me møtt av ei smilande Anne. Eg fekk leggja meg og sov godt i sus frå Airex som lagar straum og gynging av dønning og bølger. Lille julafta tok Aslak og eg ein lenger snorkletur langs ein holme. Det var ein fin verden med fiskar i alle fargar og mange ulike korallar. Dei og med fantastiske fargar og former. Deretter starta seilasen mot Admiralty bay i stiv kuling. Sjå tidlegare innlegg. Julekvelden vart annleis enn andre julekveldar i livet mitt, men me hadde det fint og koseleg saman i båten med tradisjonell middag. Det einaste eg sakna var resten av familien. Elles glir eg etterkvart inn i eit roligare liv, med bading, snorkling, turgåing og lesing av bøker. I dag skal me samlast på stranda med mange av dei andre norske som er her. Mange har vore på tur i lang tid. Kjekt å høyra deira historier.

fredag 26. desember 2008

onsdag 24. desember 2008

Signy har mønstra på. Stor opptur for meg. Ho held på og akklimatiserer seg til rutinane ombord. Me har litt trongt sengebol, men klarer for deg mest å sova. I dag er det julaftan, ingenting i natur og landskap minner om det, men det heng små lamper i lange snorer på kyrkja her. Julesongar av alle slag kulturelle valørar tyt ut or høgtalarar.
Me kom hit i frisk slør. Biletet avslører det. Det gjekk unna med to rev både i storsegl og genoa.
Bølgene var så pass trass i sløren , at me fekk god gynging. Sjøen song frå baugen og sidene. Rektig festlig var det. På St Vincent var det ein del vakker snorkling, den flottaste med Signy. Me flotta oss med restaurantmat eit par gonger
Her skulle me feira jul med Marianne på Bequia. Det viste seg at ho er dødssjuk, sonen er reist for å ta farvel med henne. Den norske fellesjul er avlyst.
Tid dykk alle: God jul og velsigna nytt år.
Me har lese tekstar om Josef. Det går an å læra av han og.
Frå Anne og Kleng, Signy og Aslak

luke 24; 30 knops vind, 10 knops fart


Nå regner vi med at folket hjemme er i god gang med julemiddagen. Her er det fortsatt tidlig på dagen, vi nyter en rast i skyggen. Port Elizabeth, Bequia.

God jul fra oss alle; Signy & Aslak, Kleng & Anne

mandag 22. desember 2008

Me sit på ein strandrestaurant på stranda på St.Vincent. Nå er julevasken gjort ombord i La Familia. Det er klart for Signy. Me ventar henne hit i kveld. Eg har også prøvd å fli bolet slik at ho kunne trivast med å krypa inn til meg.
Etter siste rapport har me sigla mange timar. Vinden er midt i mot , men sterk slik at me siglar med heile genoaen ute og to rev i storseglet. Me er alle nå så tilvande til rørslene ombord at me stadig opplever at grunnen gynger under oss når me er på land.
Målet frå Clifton var Tobago Keys. eit freda marinområde med eit omfattande system av korallrev. Det er også heim for mange typar havslevande skapningar. Det var ei krøllete ferd å koma seg inn. All ære til GPS systemet som leier oss gjennom navigeringa. Så kom me oss fram og fann ly for vinden . Bølgene tok reva seg av.
Så var det på med masker og symjeføter att: ned i sjøen. Diverre ein del opprørd sand i sjøen, og dårlig sikt. Me sikta på ei sandstrand ved ei øy. Brått var det ein stor skapnad rett ved meg: Ei skilpadde. Ho sumde med framføtene, ikkje føtene. Omlag 50cm brei over skalet og 70 cm lang. Eg fylgde henne i sjøen ei heil tid, både nedi og oppe. Ho var vakker med mønstrar på skalet og på lemmene sine.
sidan gjekk eg over sandstranda og kom til andre sida. Det var det koraller og mindre sand og sikten betre. Nå openberra alle dei fantastiske fiskane seg: Nokre i nattedrakt / eller som sebraer. Nokre som komler, med runde trutar, nokre turkisblå og flate. nokre med flekker på baksidene, gule og blå på halen...... så var eg brått auga til auga , 50cm frå ein akkar. Han stod heilt stille i sjøen og venta på mitt neste trekk. Eg treiv han i fangarmane, då gav han full fart frametter, armane sklei ut or handa mi og han bles ut svart blekk i sjøen ved meg. Det var litt av eit syn å sjå den blautfisken stira på meg med auga sitt.
Sidan fylgde eg etter endå ein akkar. han smaug seg ned i ei hole. Eg prøvde å triva han, men stikkarane frå ei svart kråkebolle gjorde at forsøket vart halvhjerta.
Seinare såg eg brått ein nydeleg rokke / stingray som heva seg frå sandbotnen. Ho hadde eit langt elegant vele ( minst 2 meter ) Så sumde ho med vengene sine så stille og elegant bortetter sandbotnen.
Når me seglar ser me rett som er flygefisk som jagar bortetter sjøen. Den eine dagen fekk me napp på fiskestonga, men fisken rykte av kroken frå sluken ( Liten akkar av gummi )
Eg skulle vist meir om namn på fiskar og fuglar. Manglar bøker til formålet.
Helsing frå Aslak den 22,desember

Luke 22: St Vincent

Julevasken skjer på anker i sanden nord av Young Island, sør på St. Vincent. I kveld mønstrar Signy på.