lørdag 27. desember 2008

Admiralty Bay
Bequia.
Me ligg her på 4. dagen. Dei siste par dagane har me blitt meir kjent med mannskap i dei andre båtane.
Fleire av dei har seila ARCen, dvs ein felles og konkurranse seilas frå Kanariøyane til St. Lucia her i Karibien. Ein 31 fots First med mor og far, ein onkel og tri born, den eine på 8 mndr, vann seilasen og ligg her ved oss. Dei segla spinnaker kvar dag unnateke 3 netter. Det betyr handstyring heile tida. Imponerande. Andre kom med spesialmannskap og høge ambisjonar utan å nå opp. 3 av båtane her skal gjennom kanalen ( Panamakanalen) sidan. Kleng og Anne har vore inne i fleire av desse båtane for å sjå og høyra sidan dei har tankar om jordomseiling sjølve Alt frå ankringsteknikkar, seglføring, vedlikehald til ordningar inne i båten og kommunikasjons og vervarslingssystemer er diskutert. Denne båten har fleire slike system, men me treng trening med det som er oss framant. Me brukar ein PC som kartplottar, C.-map og kopling til APnavigator. Radar har me ikkje hatt bruk for , men sjekka at han fungerer. SSBradio har eg bala med ei heil tid. Inmarsat-C er elten å ha på , den pip heile tida. VHF med to handhalne småapparat er hendig. Djupne og fartsmælar er nyttinge og flotte greier.
På bukta her ligg Tjeldøy, påsett to master og klyverbom. Heile opplegget ser underleg ut, men Tjeldøy er Tjeldøy ( meiner å minnast båten frå Bergen) Ved fergelemmen her inne ligg Bequia Explorer II. Den ser mistenkeleg kjent ut. Ved nærare ettersyn ser eg ”RENNESØY, Stavanger” påsveist under malinga. Eg spurde ein matros kor båten kom frå: ” Far up north” var svaret. Fann ikkje kapteinen då.
Me gjekk til julegudsteneste i den Anglikanske kyrkja her. Den er frå 1860talet. Alle dører på vid vegg, vindaugo opne for lufting. Ein gamal prest med stav forretta. Han starta med å forklara kvifor det var så få innfødde møtte fram: ”Everybody get drunk on christmas eve, so very few are able to attend. That is how it is, we have to live with it.”
Sidan frammøte av båtmannskap og turistar var heller godt, vart det sus i songen likevel. Ein hund møtte også fram og sat så fint oppmed altaret. Det var ingen instrument, men ei ferm dame song føre så det ljoma. Eit stykke ut i gudstenesten gjekk alle rundt og helsa på einannan.
Signy og eg gjekk ein tur på asfalt og sementvegane her oppetter lida. Oppi skaret såg me over til andre sida og såg Atlanterhavet fritt og ope. Det rulla seg innetter lyse strender og braut fossande kvite band inn mot landet der ute. Me vart sårføtte av å gå på desse fille sandalane.
Eg snakka med ei dame som hadde ei lita handelsbu oppi gata. Ho hadde tri born, mannen tyktest vera borte, for ho mått skaffa inntekter, selde all slag smykke. Heime hadde ho sauer: Ei søye, ein ver. Dei var inne om natta, ho leidde dei ut på ope beite bak huset om morgonen, så gjekk dei i band heile dagen. Om kvelden henta ho dei inn att for vatninga. Elles slo ho noko gras og gav om kvelden i tillegg. Lammet kom for nokre veker sidan, men få dagar etterpå kom nabohundane og braut seg inn og sleit lammet i filler. Munnen skolv då ho fortalde det, både av tapet og av medynk med lammet sitt. Ho orka ikkje sjølv rydda opp etterpå. Elles stridde ho med ei 14 års jente, opposisjonen hennar sleit på mor, ho valde helst å tru at jenta ville klara å ta dei rette val.
Bilane her har lakkert på seg ymse livsmotto eller utsagn frå dei trusretningar som eigaren lever med. Nokre ber fram Rastamotta: Be cool, Take it easy, No worry. Andre meir kristne utsagn: Praise the Lord, God is good. Båtane som jager for påhengskrefter kringom har like eins namn måla på sidene.
Seglbåtane har fantsifulle namn som ofte røper den nasjonalitet båter har. Elles tek dei utgangspunkt i sagn og litteraturfigurar. Det er nærast tabu å kalla båten opp etter ektefellen.
Dette vert skrive om bord, så vonar eg å klippa og lima inn på land .
Dei andre tekstane er skrive på direkten, med dei feil som då renn i hendene.
Aslak

1 kommentar:

Unknown sa...

Gildt å lesa om det de held på med! Her har me hatt eit nydelig julever, med turings både til vanns og lands. Sga helsa!