torsdag 15. januar 2009

Kingstown. St Vincent

Me held oss i dag ved telta: Hadde lang frukost, så brått ei høljande regnsbyge. Me opp av stolane ute, fekk fram regnsamleteltet, festa opp og starta tappa. Det vart ei kollektiv oppleving og innsats på høgt plan. Me fekk samla 5 eingallonflasker med vatn.
Så presenninga er effektiv ved godt bruk.
Så har har vore i sjøen i dag og. I ettermiddag til Kingstown. Me handla på markedet, prata med folk. Dessutan var me inne i den Anglikanske og så den Romersk Katolske kyrkja.
Nå er roturane frå båten blitt meir stille att: Me ror som i starten. Motoren har gitt oss utfordringar: Den startar all right, men så hostar han og stoggar etter ei tid.
I dag har me løyst bensintaken, tappa av mykje bensin før me riste resten før avtapping. Det kom lite ureint, men siste bensinen vart mjølkekvit. Me tolkar det som vatn. I morgon får eg så ta opp forgassaren.
Nå er det så mange kokkar her at me vert godt nørte. Etterkvart har me funne fram til kor me kan få oss frukt og grønsaker.
Me kjøpte ein CD på gata, eit lokalt band med kvinneleg solist syng bedehussongar til raggaerytmar. Det er som å få Unni på Karibisk.

Ingen kommentarer: