søndag 18. januar 2009

På tokt med nytt mannskap.


Gode blogglesar:
Me balar med kveldsstell. Nyss sat me ute kring bordet og hadde kongeleg festmåltid: Tunfisk ( nyfiska og så kjøpt i Wallilabou i føremiddag ), guacamole, erter og gulerøter, ris,steikte bananer. Skal seia magen fekk testa elastikken!
Stjernene glitra over oss, Orion kom seg høgt på himmelen. Venus strålar klårt tidleg på kvelden.
Sidan fann Lazaro gitaren og song fine spanske songar for oss. Så song me alle frå eit lite hefte som Målfrid og Lazaro hadde med.
Etter to dagar ved Young Island på St Vincentøya sigla me i svært lett vind til Wallilabou. Det er ei bukt der mykje av filmen " Pirates of the Caribbean " vart spela inn. Fjellveggene er dramatiske og det står ein steinboge i havet. Mykje av kulissene er ennå att; nokre av bygningane ser ut som frå 1700 talet ( men framsida er laga av glassfiber!) Unge menn ville aldeles trø oss ned med tilbod om å hala i tauet, gå tur med oss ( til ein foss oppi dalen ) eller selja smykke eller fisk eller frukt. Det vart ei øving å vera hard nok å seia nei. dei såg ut som dei trong pengar. Ein fattig og rusa mann ville gjerne gi meg frukter dersom eg gav han pastamat og mjølk til barnet. Eg klarde ikkje la vera: Det vart handel med han. Me kom oss også til den omtala fossen( 3 meter høg ) og bada oss i kulpen. Undervegs fekk me undervising om alle trea som me såg langs vegen. I dag tidleg kl 07 regna det intenst, me kom oss på dekk, strekte ut solsegl/vannsamlar og sette i gong med flasker og dunkar. Til bøya var over hadde arbeidsteamet samla inn mellom 50 og 80 liter vatn til hovudtanken, det var arbeidssamt men også moro.
I dag sigla me hit til Bequia; Fyrst sigla me i vindstilla ( Hvem kan segla forutan vind?) Mange ville gjera mytteri og slå på motoren sidan me ikkje kom nokon veg, men etter 3 timar kom regnveret og kulingen brått kasta på oss. Båten krenga friskt og mannskapet gav lydde av skrekkblanda fryd. Uteverande sjøfolk vart kliss gjennomblaute: Kven har fått oppleva regnkuling, opprørt hav, i badebukse og berre kosa seg?
Sidan slutta regnet, me fekk det finaste seglever og bør som tenkjast kan: 12 knops vind, Storsegl oppe og genoa ute. Kom fram til Admiralty Bay att kl 1530.

Påhengsmotoren
Me har ein Honda 2 hestars 4 taktars motor for gummibåten. Den slo salto i lag med gummibåten, Signy, Kleng og meg i brenningen på stranda ved Petit St Vincent. Det er me ikkje stolte av. Til alt hell fekk Kleng spylt han i ferskvatn tidleg, sjekka motorolja og i gong att på kort tid. For 4 dagar sidan skulle Signy og eg henta dei nykomne på flyplassen. Då daua motoren på veg til lands. Sidan har han starta gong på gong men så stogga etter kort tid. Teorien var tidleg at me anten hadde ureint eller vatn i bensinen. Eg har hatt han oppe to gonger: ein gong for bensintank og slange-sjekk ein gong for forgassaropning. Det siste gjorde eg i dag og fekk ut masse rustvatn. Seinare går motoren som " ei klokke" att. Stolt mekanikus skriv desse runene.

Helsa
To av mannskapet har hatt feber og ein del verk i kroppen. Hosten har også fått innpass. I dag tykkjest dei båe å ha funne att noko av kreftene og deltek i alle aktivitetar ( i går var det ein del soving) Lesaren kan få leggja inn sine forslag på kven dette gjeld.

Kommentarar:
Det gler oss mykje å få respons på bloggen vår. Så merkeleg nok: Me slår opp på bloggen kvar gong me kjem i nærleiken av Weben og er som oppslukte av om nokon har reagert på det me skriv. Takk frå innsendarar, skriv gjerne til oss både erfarne og uerfarne.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei. Gildt å lesa om dykk.Høyres kjekt ut. Her heima badar me i kaldare vatn enn dykk har. Bergelag til helga, og utan at Aslak les...... God tur vidare. Solfrid.

Anonym sa...

Godt at Vincent (motoren til dinghyen) sviv igjen. Bra innsats!
K.

Anonym sa...

Hallo Capt. Btåtveit!
Me får med oss kvar einaste blogg du skriv, kjekt og innteresant. Her heime har me vore sjukepassarar for mor og svigermor,begge har hatt flonså,me har gitt de Congnac med spiseskjei, og de har vistnok vore någen helbredane dråpar, dei e friske begge to nå. Ellers e eg blitt bestefar te to kjempeflotte jentongar, de va litt tidlig ute så de blir på sjukehuset til dei er 2,5kg. Babyboom i år he,he.
Hils alle ombord, og kos dokke i Karibien, bon voyage. Hilsen styrmann Meling.

Unknown sa...

Gudd!

Dette blitte jo bra. Sga sai!
Åsså Lasaro mæ gitar å graie. Hekkanpekkan. Men æg sga høyra mæ venke åm me sga ta mæ pijanoe. Pijanobar, på pupen, udøve nåttå?

Virka så enkelte ting trenge litt ti før dæ bler så kult, sjøl åm dæ æ kul-seilt.

Åsså æg så trudde atta dæ va kult mæ kommentara te blåggen fårrdæatta når du æ ålaina bara, men dæ serkje sleg ud ganske, nai.

Jodå!

Anonym sa...

Hei hei. Me saknar liv i nabohuset. Vil opplysa om at: katten lever bra, blomane har det godt i kalt hus og her er masse rekningar... Kjekt å fylgja med på bloggen.."eia var eg der".