søndag 1. februar 2009

01.02.09 Erling sine tankar




Kjære venner
Ringen er slutta. Vi har ankra opp ved Young Island på St. Vincent, same hamna som vi mønstra på i den 14. januar. No gjenstår pakking og opprydding. I kveld startar første etappe på heimreisa. Vi tek småfly til Trinidad og vidare derifrå i morgon tidleg. Vi har hatt tre flotte veker og opplevd og sett ein masse. Inntrykka er enno ferske og lite bearbeidde. Men nedanfor kjem ein del tankar slik som eg har opplevd opphaldet i Karibien.
Folk og natur
Vi har halde oss i Grenadinene. Dette er ei øygruppe midt i det flottaste området i Karibien. Frodige vulkanske øyar omkransa av vide sandstrender og utanfor der igjen korallrev. Dei er like flotte som dei finaste turistbrosjyrer viser. I tillegg er dei omkransa av blått klart vatn som er 24-25 grader varmt. I lufta ligg temperaturen på knapt 30 grader. Monsunen bles konstant frå nord-vest og gjer at varmen ikkje føles trykkande. Monsunen gir og god og stabil seilevind. Det finst også ei bakside med openbar fattigdom og underutvikling. Men folk flest virka blide, hjelpsame og fornøgde.
Båten
La Familia er ein havseilar på 44 fot. Altså ein stor seilebåt etter norske forhold. Likevel er plassen begrensa når seks personar skal bu ombord i lengre tid. Dette krev samarbeid og tilpassing frå kvar enkelt –Dette har gått heilt utan problem. Den største utfordringa ombord er at straum og ferskvatn er begrensa og må brukast forsiktig.
Mannskapet
Aslak og Signy kjende vi godt frå før. Dei har vist nye sider og nye talent. Aslak oppfattar alt som går gale som ei utfordring og ikkje eit problem. Han er i sitt ess når han pressar båten fram i 8-9 knop med rekka i sjøen. Men med all respekt for Aslak så er det ingen tvil om at den viktigaste personen ombord er Signy. Ho har den fulle oversikt og kan utføra eit kvart oppdrag ombord. Dette gjeld alt få handtering av båten i hardt ver til å servera fersk heimebaka brød kvar dag. Takk Signy - – du har verkeleg imponert oss! Målfrid og Lazaro var uvande med båtliv og fekk ei bratt lærekuve. Men pågangsmot og ståpåvilje har kompansert for manglande erfaring. Lazaro sin latinamerikanske vri på enkle rettar sette og ein ekstra spiss på mangt eit måltid.
Daglegliv
Vi har vore her i tre veker - kva har vi eigentleg gjort på? Faktisk ikkje så mykje når eg tenkjer meg om Men morgonbad, lang frokost og snorkling på korallrev har vore faste ingredienser. Så har vi naturlegvis brukt ein del tid på seiling.
Ei uventa utfordring for meg var å finna trygg ankringsplass. Grunna brenningar og kraftig drag i sjøen går vi aldri til land med båten. Vi ankrar opp i ei beskytta bukt og brukar lettbåten til lands. Kvar kveld ba eg ei stille bønn om at ankerfestet måtte halda. Det har virka bra for kvar morgon vakna vi på same plass som vi var då vi gjekk til sengs. Eg tok av meg klokka den dagen eg ankom og skal ta henne på igjen i kveld. På tre veker har eg kun vaska meg i saltvatn -ingen problem! Lys, mørkre og appetitt kombinert med tilfeldigheter og innfall har styrt dagane og døgnrytmen.

På tysdag er vi heime igjen og på onsdag skal vi på jobb. Overgangen blir stor. Vi vil garantert ofte tenkja tilbake på opphaldet i Karibien og fylgja spent med korleis det går med neste mannskap. Dei har mykje å gleda seg til.
Takk for oss og takk for at vi fekk tilbudet om å vera med på ei slik fantastisk oppleving

Helsing
Berit g Erling

Ingen kommentarer: