fredag 13. februar 2009


Tobago Cays den 11.02.09

Nå er me komne til denne nasjonalparken att med nytt mannskap.
Dei siste par døgn har vinden vore sterk ( Opp mot liten kuling) og me har kjent det på båten, dønningane og vindtrykket at vinden har stilt nye krav til oss. For fyrste gong la me to anker jamnsides einannan for å hindra drag med forflytting.
I dag har me etter frukost og vassfylling, sigla frå Bequia hit, eit godt stykke. Grunna vinden og mannskapet tok me tri rev i storseglet og vel 2 rev i genoaen på slør.
Segleturen vart innhaldsrik, frå gråver, strålande sol til iltert og energisk regn. Me opplevde ein flokk med delfinar ved baugen. Nokre hoppa høgt i lufta!. Borte på sjøen såg me større delfinar.
Flygefiskar såg me i mengd . Dei fleste av oss sat ei tid framme på baugen og opplevde kjøret og spruten , stor oppleving. Farten var oppe i 9 knop.
Ved innseglinga til Tobago Ceys vart vinden ilter og straks etter ausa regnet ned og sette ned sikten.
Vel framme har me snorkla med skilpadder, vore på eit rev og sett småfiskar på botn og matfisk i open sjø. Eirik og Wenche sumde attende til båten og såg ei stor rokke under båten her.
Dagen bar med seg varierte og nye opplevingar for dei fleste av oss. Etter middag på ein Barracuda som me fiska undervegs, er me nå velnærte og trøytte.

AslakFar

1 kommentar:

Anonym sa...

Det nærmar seg slutten av ein lang seglas for Aslaken. Det får ha nokre fine dagar fram til Fredag, då seglbåten skal settast på land i Trinidad. Det skal væra fantastisk karnevall stemning i byen til helga. Kos dykk!