fredag 20. februar 2009

20.02.09


Gode lesar

Båten ligg nå i Scotland Bay i Trinidad. Me kom over havstykket frå Granada i går, turen tok 17 timar. Me sigla heile natta og halve dagen ( oml 90 naut mil og motstraum heile tida)

Turen går mot slutten. I dag skal me setja båten på land for lagring til neste tur, som etter planane startar for Kleng og Anne hausten 2009.

Det finnest ennå mange ting å skrøyta av, me har sett, me har høyrt , me har opplevd. Skrøytekalenderen er ennå ikkje full. Det vil koma nye innlegg om dette.

Ettertanken melder seg, kva var det me erfarte, kva har me lært, kva har turen gjort med oss? Nokre slike tankar har eg gjort meg.
For meg var det eit utruleg flott avbrot frå standard norsk liv og travel legekvardag. Temposkiftet ( meir avslappa ) og perspektivskiftet ( andre livskår, andre livsverdiar kring oss ) har gjort oss til meir tilfredse menneske. Kan hende går det fort over, det norske tempo og kav kan fanga oss inn att temmeleg fort. Likevel har me erfart dette, eg trur ikkje det kan missast. Menneske som opplevdest stolte og nøgde trass i lite midler er alltid til ettertanke.

Kvar av oss har elles fått med seg ettertankar til turen heim , som startar om 3 dagar. Signy og eg reiser til New York og stoggar hjå vener der i ei veke før me kjem heim att.
For vår eigen del vil me gjerne leggja inn nokre oppsummerande innlegg etter at turen er over, gjerne nokre bilete også.

Så vil me takka for flotte innlegg og kommentarar på bloggen!!
Me sette svært pris på dei, men diverre vart det lite med tilbakemeldingar frå oss til den som kommenterte.
Alle som har sett på og fylgt med på bloggen: Vonar de har hatt både spanande og lærerike stunder.
Det hadde vore betre med mange småinnlegg stadig, men tilgong til internett har variert og difor har det gått dagesvis mellom kvar gong me har lagt inn nye tekstrar.
Slik vart det.

Aslak

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt å følgt dokke på bloggen
Velkommen heim
kirsten