tirsdag 30. desember 2008

Signy forteller;

Her går dagane i eit avslappande tempo. Aslak og eg startar dagane med å symje eit par rundar rundt båten før me kosar oss med ein lang og god frukost. Laurdag var me med på ei samling saman med nordmenn som hadde kryssa Atlanteren. Då møtte me ein spennande person som heiter Peter Røren. Han kryssa Atlanteren for 25 år sidan i sjølvbygd båt. Fredag, som er namnet på båten, forliste på reva utanfor Union Island. Nå har han skrive boka, Kakerlakkenes død, som kom ut i 2005 på Flyt forlag. For tida blir den brukt som høgtlesing ombord og kan anbefalast til andre eventyrlystne. Søndag segla me attende til St Vincent for å kjøpe påhengsmotor til Dinghyen (lettbåten). Me har brukt muskelkrefter for å koma i land til nå, men straumsjø gjer den vanskelig å ro og styre. På seglturen fekk eg mi første rorvakt. Det var ein del urolig sjø så eg trur dette gjorde godt på ”grevinneblondene”. Elles har eg nytte av balanseøvingane frå morgonstrekken. Å stå på ein fot å kle seg når ein gyngar på bølgjene er ein utfordring sjølv med opne augo. Måndag var Aslak og eg i Kingstown. Me nytta lokal buss. Dvs 19 stk i ein minibuss. Det var handel både på gatene og i butikkane. For oss såg det ut som alle selde alt mulig, kler, sko, leiketøy, boksar osv.
Elles er me på lange snorkleturar. Det er utruleg mange rare skapningar å sjå. I dag såg me ei fantastisk flyndre som på få sekund forandra farge. Hadde me ikkje oppdaga henne medan ho rørte seg hadde me aldri lagt merke til fisken. Vidare møtte me ein flokk blekksprut som symde i formasjon.
Kveldane går med til prat, lesing og kortspel .

St. Vincent og Kingstown


Lennuk eller La Familia?

Skuta heite Lennuk på sin fyrste jordomsegling frå 1999-2003. På sin andre jordomsegling bar ho namnet La Familia (frå Gudfaren filmen). På sin neste jordomsegling vil ho få tilbake sitt orginalnamn.

Originalnavnet Lennuk* (the flyer), får skuta igjen først til høsten når jordomseilingscrewet er på plass. I mellomtiden blir det fortsatt noen mnd i karibien under navnet "familien på Berge", siden Signy og Aslak blir vertskap denne tiden. Velkommen!

*Les meir om namnet Lennuk og dei vise menn frå Norge i nasjonalhistoria til Estland.

lørdag 27. desember 2008

Admiralty Bay
Bequia.
Me ligg her på 4. dagen. Dei siste par dagane har me blitt meir kjent med mannskap i dei andre båtane.
Fleire av dei har seila ARCen, dvs ein felles og konkurranse seilas frå Kanariøyane til St. Lucia her i Karibien. Ein 31 fots First med mor og far, ein onkel og tri born, den eine på 8 mndr, vann seilasen og ligg her ved oss. Dei segla spinnaker kvar dag unnateke 3 netter. Det betyr handstyring heile tida. Imponerande. Andre kom med spesialmannskap og høge ambisjonar utan å nå opp. 3 av båtane her skal gjennom kanalen ( Panamakanalen) sidan. Kleng og Anne har vore inne i fleire av desse båtane for å sjå og høyra sidan dei har tankar om jordomseiling sjølve Alt frå ankringsteknikkar, seglføring, vedlikehald til ordningar inne i båten og kommunikasjons og vervarslingssystemer er diskutert. Denne båten har fleire slike system, men me treng trening med det som er oss framant. Me brukar ein PC som kartplottar, C.-map og kopling til APnavigator. Radar har me ikkje hatt bruk for , men sjekka at han fungerer. SSBradio har eg bala med ei heil tid. Inmarsat-C er elten å ha på , den pip heile tida. VHF med to handhalne småapparat er hendig. Djupne og fartsmælar er nyttinge og flotte greier.
På bukta her ligg Tjeldøy, påsett to master og klyverbom. Heile opplegget ser underleg ut, men Tjeldøy er Tjeldøy ( meiner å minnast båten frå Bergen) Ved fergelemmen her inne ligg Bequia Explorer II. Den ser mistenkeleg kjent ut. Ved nærare ettersyn ser eg ”RENNESØY, Stavanger” påsveist under malinga. Eg spurde ein matros kor båten kom frå: ” Far up north” var svaret. Fann ikkje kapteinen då.
Me gjekk til julegudsteneste i den Anglikanske kyrkja her. Den er frå 1860talet. Alle dører på vid vegg, vindaugo opne for lufting. Ein gamal prest med stav forretta. Han starta med å forklara kvifor det var så få innfødde møtte fram: ”Everybody get drunk on christmas eve, so very few are able to attend. That is how it is, we have to live with it.”
Sidan frammøte av båtmannskap og turistar var heller godt, vart det sus i songen likevel. Ein hund møtte også fram og sat så fint oppmed altaret. Det var ingen instrument, men ei ferm dame song føre så det ljoma. Eit stykke ut i gudstenesten gjekk alle rundt og helsa på einannan.
Signy og eg gjekk ein tur på asfalt og sementvegane her oppetter lida. Oppi skaret såg me over til andre sida og såg Atlanterhavet fritt og ope. Det rulla seg innetter lyse strender og braut fossande kvite band inn mot landet der ute. Me vart sårføtte av å gå på desse fille sandalane.
Eg snakka med ei dame som hadde ei lita handelsbu oppi gata. Ho hadde tri born, mannen tyktest vera borte, for ho mått skaffa inntekter, selde all slag smykke. Heime hadde ho sauer: Ei søye, ein ver. Dei var inne om natta, ho leidde dei ut på ope beite bak huset om morgonen, så gjekk dei i band heile dagen. Om kvelden henta ho dei inn att for vatninga. Elles slo ho noko gras og gav om kvelden i tillegg. Lammet kom for nokre veker sidan, men få dagar etterpå kom nabohundane og braut seg inn og sleit lammet i filler. Munnen skolv då ho fortalde det, både av tapet og av medynk med lammet sitt. Ho orka ikkje sjølv rydda opp etterpå. Elles stridde ho med ei 14 års jente, opposisjonen hennar sleit på mor, ho valde helst å tru at jenta ville klara å ta dei rette val.
Bilane her har lakkert på seg ymse livsmotto eller utsagn frå dei trusretningar som eigaren lever med. Nokre ber fram Rastamotta: Be cool, Take it easy, No worry. Andre meir kristne utsagn: Praise the Lord, God is good. Båtane som jager for påhengskrefter kringom har like eins namn måla på sidene.
Seglbåtane har fantsifulle namn som ofte røper den nasjonalitet båter har. Elles tek dei utgangspunkt i sagn og litteraturfigurar. Det er nærast tabu å kalla båten opp etter ektefellen.
Dette vert skrive om bord, så vonar eg å klippa og lima inn på land .
Dei andre tekstane er skrive på direkten, med dei feil som då renn i hendene.
Aslak

Bequia

Signy sin oppsummering av reis og tur fram til 27.12.08
Etter å ha tatt farvel med Jon på flyplassen på Sola tidlig søndag morgon 21. desember la eg ut i den store verda. Reisa varte bortimot to døgn. Eg hadde mellomlanding og venting i London, New York og Port av Spain før eg kom fram til St Vincent der Aslak møtte meg på flyplassen. På turen var eg omgitt av travle menneske som hadde eit til felles, nemleg at dei var på vei til eit eller anna. Flyplassane var pynta med glitter og stas til jul og i Trinidad vart ein møtt av ei stor julekrybbe.
Alt på reisa gjekk bra. Eg fekk med meg all bagasje og ønskt god jul frå både tollarar og reisande.

Etter ein rotur i mørke og ein del straumsjø kom me fram til Lennuk, som ennå har namnet La Familia etter siste eigar. På båten vart me møtt av ei smilande Anne. Eg fekk leggja meg og sov godt i sus frå Airex som lagar straum og gynging av dønning og bølger. Lille julafta tok Aslak og eg ein lenger snorkletur langs ein holme. Det var ein fin verden med fiskar i alle fargar og mange ulike korallar. Dei og med fantastiske fargar og former. Deretter starta seilasen mot Admiralty bay i stiv kuling. Sjå tidlegare innlegg. Julekvelden vart annleis enn andre julekveldar i livet mitt, men me hadde det fint og koseleg saman i båten med tradisjonell middag. Det einaste eg sakna var resten av familien. Elles glir eg etterkvart inn i eit roligare liv, med bading, snorkling, turgåing og lesing av bøker. I dag skal me samlast på stranda med mange av dei andre norske som er her. Mange har vore på tur i lang tid. Kjekt å høyra deira historier.

fredag 26. desember 2008

onsdag 24. desember 2008

Signy har mønstra på. Stor opptur for meg. Ho held på og akklimatiserer seg til rutinane ombord. Me har litt trongt sengebol, men klarer for deg mest å sova. I dag er det julaftan, ingenting i natur og landskap minner om det, men det heng små lamper i lange snorer på kyrkja her. Julesongar av alle slag kulturelle valørar tyt ut or høgtalarar.
Me kom hit i frisk slør. Biletet avslører det. Det gjekk unna med to rev både i storsegl og genoa.
Bølgene var så pass trass i sløren , at me fekk god gynging. Sjøen song frå baugen og sidene. Rektig festlig var det. På St Vincent var det ein del vakker snorkling, den flottaste med Signy. Me flotta oss med restaurantmat eit par gonger
Her skulle me feira jul med Marianne på Bequia. Det viste seg at ho er dødssjuk, sonen er reist for å ta farvel med henne. Den norske fellesjul er avlyst.
Tid dykk alle: God jul og velsigna nytt år.
Me har lese tekstar om Josef. Det går an å læra av han og.
Frå Anne og Kleng, Signy og Aslak

luke 24; 30 knops vind, 10 knops fart


Nå regner vi med at folket hjemme er i god gang med julemiddagen. Her er det fortsatt tidlig på dagen, vi nyter en rast i skyggen. Port Elizabeth, Bequia.

God jul fra oss alle; Signy & Aslak, Kleng & Anne

mandag 22. desember 2008

Me sit på ein strandrestaurant på stranda på St.Vincent. Nå er julevasken gjort ombord i La Familia. Det er klart for Signy. Me ventar henne hit i kveld. Eg har også prøvd å fli bolet slik at ho kunne trivast med å krypa inn til meg.
Etter siste rapport har me sigla mange timar. Vinden er midt i mot , men sterk slik at me siglar med heile genoaen ute og to rev i storseglet. Me er alle nå så tilvande til rørslene ombord at me stadig opplever at grunnen gynger under oss når me er på land.
Målet frå Clifton var Tobago Keys. eit freda marinområde med eit omfattande system av korallrev. Det er også heim for mange typar havslevande skapningar. Det var ei krøllete ferd å koma seg inn. All ære til GPS systemet som leier oss gjennom navigeringa. Så kom me oss fram og fann ly for vinden . Bølgene tok reva seg av.
Så var det på med masker og symjeføter att: ned i sjøen. Diverre ein del opprørd sand i sjøen, og dårlig sikt. Me sikta på ei sandstrand ved ei øy. Brått var det ein stor skapnad rett ved meg: Ei skilpadde. Ho sumde med framføtene, ikkje føtene. Omlag 50cm brei over skalet og 70 cm lang. Eg fylgde henne i sjøen ei heil tid, både nedi og oppe. Ho var vakker med mønstrar på skalet og på lemmene sine.
sidan gjekk eg over sandstranda og kom til andre sida. Det var det koraller og mindre sand og sikten betre. Nå openberra alle dei fantastiske fiskane seg: Nokre i nattedrakt / eller som sebraer. Nokre som komler, med runde trutar, nokre turkisblå og flate. nokre med flekker på baksidene, gule og blå på halen...... så var eg brått auga til auga , 50cm frå ein akkar. Han stod heilt stille i sjøen og venta på mitt neste trekk. Eg treiv han i fangarmane, då gav han full fart frametter, armane sklei ut or handa mi og han bles ut svart blekk i sjøen ved meg. Det var litt av eit syn å sjå den blautfisken stira på meg med auga sitt.
Sidan fylgde eg etter endå ein akkar. han smaug seg ned i ei hole. Eg prøvde å triva han, men stikkarane frå ei svart kråkebolle gjorde at forsøket vart halvhjerta.
Seinare såg eg brått ein nydeleg rokke / stingray som heva seg frå sandbotnen. Ho hadde eit langt elegant vele ( minst 2 meter ) Så sumde ho med vengene sine så stille og elegant bortetter sandbotnen.
Når me seglar ser me rett som er flygefisk som jagar bortetter sjøen. Den eine dagen fekk me napp på fiskestonga, men fisken rykte av kroken frå sluken ( Liten akkar av gummi )
Eg skulle vist meir om namn på fiskar og fuglar. Manglar bøker til formålet.
Helsing frå Aslak den 22,desember

Luke 22: St Vincent

Julevasken skjer på anker i sanden nord av Young Island, sør på St. Vincent. I kveld mønstrar Signy på.

fredag 19. desember 2008

Praktisk info for Salem og Bleie

Det blir lagt opp til at nytt crew (losoldermann Erling, baupryd Lazaro, fiskerjenta Målfrid og førstestyrkvinne Berit) mønstrar på i Kingstown på Saint Vincent medio januar. Dei lyt difor kjøpe siste billettar på www.liat.com, frå Trinidad til St. Vincent. Dette til informasjon.

Send mail ved evt spørsmål.

Farvel til Finnøy

Nå får politikk og arbeid kvila. Eg set kursen mot varmare strøk. Fantastisk å sjå på bloggen frå seilasen. Tenk at om få dagar er eg ein del av manskapet!
Ha det bra og god jul til deg som er innom og les!

Regn og vind på Union Island


Me ligg for anker på Clifton,Union Island. I går kveld var me på "byen" = ei gate med butikkar og ein del andre bustadhus. Flyplassen ligg ved marinaen og flya kjem subbande over hovudgata får dei dumpar ned som i enden av gata.
Her var raeggae- gutane ute i gatene og surra, raude i augo, og med heimerulla sneipar. Tunge rytmar pumpa ut frå svære høgtalarar. Hårstilen som elles. Ei tue på hovudet og fossefall nedetter akslene med innvove falsk hår. Dei rettruande ventar at Heile Selassie skal koma att nett som me ventar Kristus.
Mange damer er svært fine i pussen. Dei er så reine og stilfullt danderte at dei kunne gå som modellar kor som helst. Andre har teke for seg av matfatet så dugleg at alt skubbar på seg når dei går. I alle høve er dei aktive, balar med forretning, matstell, barnepass. Ein del av karane går og stig.
Husa er måla i gilde fargar. Dersom eit norsk byggefelt hadde blitt måla slik, ville det lokale fargepolitiet slått til straks. Medan norsk politikk er kamuflasje av hus, er her politikken at huset ropar mot deg: grøn, blått, raudt, gult, turkis. Det ser i grunnen festleg ut. Like eins er det med fruktbuene på torget: Alle fargar.
Me er nå på tur mot St. Vincent. Vonar å koma til Tobago keys, ein korall og sandidyll straks nordom her. Vinden tek der, men sjøen er blikande stille, dei lange korallrev bryt sjøen.
I går kom me frå Sandy Island, via utsjekking i Hillboro ( på Carriacou ) Seilasen var frisk og rimeleg rask, kvass kryss.
Helsing Aslak

Luke nr 19; Deilig strandliv






Her kommer noen bilder fra Sandy Island utenfor Carriacou. Øya er på størrelse med en passelig stor villa - og var ei perfekt skattekiste for oss som liker å leite etter gull i "fjæra" :) Lagune med fargerike fisker og koraller og skjell - og hvit myk sand. Nydelig!

tirsdag 16. desember 2008

mandag 15. desember 2008

Ei veke i sjøen

Etter at me reiste frå Trinidad, la me kursen nordover. Det tok oss vel eit døgn å nå fram til Carriacou ( Carry a cow ). Då hadde med passert Grenada og øyane mellom. Vinden var god, men me hadde motstraum frå 2 til 0,5 knop. Yngve og eg hadde vakt midt i natta og fekk besøk av springarar (= delfinar ) Det må har vore 5-6 stk, for det var livlig framme ved baugen ei heil tid. Seinare har me stadig sett flygefisk som duppar seg bortetter sjøen.
Pelikanar og suler stuper seg i sjøen på fiske, det er eit syn.
Kom fram i mørket. Dagen etter var me på landlov, melde oss i customs ( toll ) og immigration og fekk utfylt dei nødvendige ( mange! ) papirer hjå stivpynta uniformprydde offiserar. Ikkje noko slinger i valsen der i garden!. Sidan slong me kring i gata. sentrum var omlag 6 kvartal. Det bur 9000 menneske på øya. Då eg skulle attende til båten gjekk eg via ei av kyrkjene. Dørene stod oppe og eg tenkte meg inn for å sjå. Der stod ei likkiste på trille, og loket var oppe, Liket var tilgjengleg. Eg såg ikkje menneske nokon stad, så eg tok av meg huva i ærefrykt og tusla meg derifra.
Oppe i gata snakka meg med ein Rastafarilæresvein. Han selde naturprodukt. Eg kjøpte meg eit slag smør til å ha på huda ( shaun?) frå Ghana. Han lærde meg at Heile Selassie ikkje var død, men levde som oppstanden. Me måtte ta det rolig i livet og leva i harmoni. Det hjelpte tydelegvis å ha eit svært hår med mange falske fletter i.
Me var ein tur nord på øya, fann ei strand med ei lita oppslagsbu, og snorkla der: Helst grått vatn, mykje sand som var kvervla opp av dønning. Over nokre store steinar såg eg ned på 4-7 store flotte konkyler. Eg dykka ned så det sprengde i øyro, fekk med meg opp to vakre .
Seinare har me vore på Ronda, ei øy straks ved ein undersjøisk vulkan: Kick èm Jenny. Stort forbod mot å segla over den. Me fann ei strand . på land omlag 6 hus, ikkje straum, bekmørkt etter solnedgong. Eg snorkla kring strendene, her var vatnet klårt og eg fekk sjå ein del av alle dei vakre og fargerike fiskane.
I går segla me for rom slør sørover til Grenada att. I morgon skal Yngve reisa heim frå St. George. Me hadde ei flott dag, ankra i ei bukt med sandstrand. I natt har me hatt svær dønning heile natta. og me er heller slitne. Det vart noko lite svevn.
Elles balar me med å læra båten, seglinga, straumen, instrumentene, ankring etc. Lærekurva er bratt og stigande.
Beste helsing frå Aslak på Kleng si maskin in the Lagoon, St. Georg, Grenada.

Grenada


Luke nr 15 i kalenderen. Me ligg på anker i St. George på Grenada.

onsdag 10. desember 2008

Titt inn:)





Her kan dere se litt av det vakre interiøret i båten:) (Regner med at mamma syns sånt er spennende i alle fall). Dette er selvsagt bare det ene rommet, i tillegg kan vi vise til tre romslige lugarer, et luksuriøst bad/toalett + arbeidsrom/snekkerbu. Jada, her kan man lett trives! :) Idag går endelig reisen ut av denne hærlige marinaen og ut på det blå hav. Jeg og Aslak gleder oss til et bad i havet - noe som har fristet lite inne i havna her. Krystallklart vann skal bli, og det skal dere få se litt av når vi kommer så langt:)

tirsdag 9. desember 2008

Overtakingsfest 9.desember 2008

Det vart servert canape og fri bar (sponsa av Crews Inn) når S/Y Lennuk (aka S/Y La Familia) skifta eigar.

Aldersgrense: 60+
Bekledning: kjole og høge helar, eller utsvetta t-sjorterMusikk frå paviljongen fortsette medan crewet på S/Y Lennuk fann til loppekassen.

Siste test før havet

Yngve fiksar ankervinsj.
Aslak har rekna ut retningen til sola.
I morgon lettar me anker mot Grenada. 15 timars segling, inkl nattseilas. Vinden skal vera med oss: http://www.windfinder.com/forecasts/wind_caribbean39.htm (i morgon)

Vind i dag: http://www.windfinder.com/forecasts/wind_caribbean09.htm
Vind i morgon: http://www.windfinder.com/forecasts/wind_caribbean39.htm
Vind i overmorgon: http://www.windfinder.com/forecasts/wind_caribbean66.htm

søndag 7. desember 2008

Siste klargjering av båten. Sundag 08.12



Det eine biletet har Kleng teke frå toppen av masta. Elles frå sjøsetjing og fyrste turen for motor kringom i hamna her.
Til dessar gråver , varmt, nokre harde og nokre lange regnbyger. Regntida er ikkje heilt over. I dag også regn om morgonen, så blank soldag. Sveitten renn av bleike kroppar. Yngve, Kleng og Anne har sett opp genoaen ( på rullefokkestaget ) Kutterstaget er løyst og festa i masta. Babystaget står oppe. Eg går rundt som ein nevrosebefengd nisse og taklar tauendar. Her er ein del tauendar som anten ser ut som laushår eller er knytte i knopar. Ynge har vore høgt og lågt og smurt alle slag rørlege deler med silikonolje. Me kjenner oss etterkvart klare for open sjø. Her er det mange slag maritime aktivitetar og sjøen er brun og skiten.
Forresten er sjøen kring Trinidad ikkje så klår.Orinokoelva munnar ut straks sørføre her. Tobago har svært mykje klårare sjø.
Tony er ein ung mann som har sett etter båten. Han har vore her, han har køyrt oss og henta oss på flyplassen. Ein munter herremann. Syster hans ser me også aktiv i serviceoppdrag for båtfolk. Her er ein del store båtar og høg standard, så me ser for oss at det er ein del å tena og gjera for servicepersonell her på Trinidad.
I morgon reknar me med å starta reise på open sjø.
Aslak

lørdag 6. desember 2008

Frokost


Fyrste frokost på sjøen: Pannekaker!

Aslak og Ynge sover framleis, etter ein lang dag i går. Etter 30 timar reise kom me til Port of Spain ca kl 05 og Aslak ca kl 07. Derretter bar det til marinaen for klargjeringa og sjøsetting av "La Familia". Alle oss stod i Aslak sine klær då ho fyrst rørte havet. Han var den einast som har fått bagasjen. Sjøsetteing gjekk bra, ingen lekasje eller dramatikk. Anne stod bak roret på vår lille 20 min jomfrutur før me tok inn på C54 på "Crews Inn". Før bading vart det forsikrings-shopping. Det vart fort stille (jamn dur) etter suppe og pasta og legging.

Nå er det straks ny dag.

mandag 1. desember 2008

Aslaks fyrste innlegg heimefrå.

Eg skriv mitt fyrste innlegg på BlogSpot for SY Lennuk. I dag er det tysdag og eg har to dagar att før eg skal ta ut til Trinidad.
Dette er m.a. for å testa at kommunikasjonen med resten av mannskapet er i orden.
Me var 8 personar heime hjå oss i går og der vart me opptekne av at kommunikasjonen går bra , særleg ved byte av mannskap. Planen er å stadig informera om kor me er og kor me vil vera i samband med mannskapsbyte.
Tidleg på fredags morgon reknar eg med å møta Kleng, Anne og Yngve på flyplassen.

Reiseplanane for seilasen er slik i starten:
Kleng start 05.12.08 heim oml 13.01.09
Anne start 05.12.08 heim oml 13.01.09
Yngve start 05.12.08 heim oml 18.12.08
Aslak start 05.12.08 heim oml 23.02.09
Signy start 21.12.08 heim oml 23.02.09
Eirik og Wenche start 07.02.09 heim oml 23.02.09

De andre kan skriva inn dykkar opplysingar.
Eg trur me må rekna med at andre og framande folk kan koma til å lesa innlegga.

Noen linker av interesse:


Flyplassen i Port of Spain
Sorgenfri
fjordseiling
seiling i karibien
cia factbook
ud landsider
arc
noonsite

Hvor kan jeg lese mer om S/Y Lennuk

Du kan lese mer om S/Y Lennuk (ana La Familia) på:

www.lennuk.ee (jordomseiling 1999-2001)

www.lafamilia.nu (jordomseiling 2003-2007)

www.finngulf.com

http://www.ivt.ntnu.no/imt/xcom2001/finngulf.htm

http://www.sailboatdata.com/VIEWRECORD.ASP?CLASS_ID=3302

Jakten etter hav og strender

Om 5 dager ligger noen på anker et sted i det fjerne. Flere skal slenge seg med. På denne siden vil det komme avklaringer om hvor og når.

LENNUK Prolog


I tre måneder skal S/Y Lennuk bade i Karibisk hav. Hun settes på sjøen 5. desember og skal ikke på land igjen før ultimo februrar. På denne siden kan du følge henne disse dagene.