mandag 15. desember 2008

Ei veke i sjøen

Etter at me reiste frå Trinidad, la me kursen nordover. Det tok oss vel eit døgn å nå fram til Carriacou ( Carry a cow ). Då hadde med passert Grenada og øyane mellom. Vinden var god, men me hadde motstraum frå 2 til 0,5 knop. Yngve og eg hadde vakt midt i natta og fekk besøk av springarar (= delfinar ) Det må har vore 5-6 stk, for det var livlig framme ved baugen ei heil tid. Seinare har me stadig sett flygefisk som duppar seg bortetter sjøen.
Pelikanar og suler stuper seg i sjøen på fiske, det er eit syn.
Kom fram i mørket. Dagen etter var me på landlov, melde oss i customs ( toll ) og immigration og fekk utfylt dei nødvendige ( mange! ) papirer hjå stivpynta uniformprydde offiserar. Ikkje noko slinger i valsen der i garden!. Sidan slong me kring i gata. sentrum var omlag 6 kvartal. Det bur 9000 menneske på øya. Då eg skulle attende til båten gjekk eg via ei av kyrkjene. Dørene stod oppe og eg tenkte meg inn for å sjå. Der stod ei likkiste på trille, og loket var oppe, Liket var tilgjengleg. Eg såg ikkje menneske nokon stad, så eg tok av meg huva i ærefrykt og tusla meg derifra.
Oppe i gata snakka meg med ein Rastafarilæresvein. Han selde naturprodukt. Eg kjøpte meg eit slag smør til å ha på huda ( shaun?) frå Ghana. Han lærde meg at Heile Selassie ikkje var død, men levde som oppstanden. Me måtte ta det rolig i livet og leva i harmoni. Det hjelpte tydelegvis å ha eit svært hår med mange falske fletter i.
Me var ein tur nord på øya, fann ei strand med ei lita oppslagsbu, og snorkla der: Helst grått vatn, mykje sand som var kvervla opp av dønning. Over nokre store steinar såg eg ned på 4-7 store flotte konkyler. Eg dykka ned så det sprengde i øyro, fekk med meg opp to vakre .
Seinare har me vore på Ronda, ei øy straks ved ein undersjøisk vulkan: Kick èm Jenny. Stort forbod mot å segla over den. Me fann ei strand . på land omlag 6 hus, ikkje straum, bekmørkt etter solnedgong. Eg snorkla kring strendene, her var vatnet klårt og eg fekk sjå ein del av alle dei vakre og fargerike fiskane.
I går segla me for rom slør sørover til Grenada att. I morgon skal Yngve reisa heim frå St. George. Me hadde ei flott dag, ankra i ei bukt med sandstrand. I natt har me hatt svær dønning heile natta. og me er heller slitne. Det vart noko lite svevn.
Elles balar me med å læra båten, seglinga, straumen, instrumentene, ankring etc. Lærekurva er bratt og stigande.
Beste helsing frå Aslak på Kleng si maskin in the Lagoon, St. Georg, Grenada.

1 kommentar:

Unknown sa...

Gild julekalender å lesa om karibisk segling og snorkling! Me var innom Åse og Erling på søndag og gler oss til å ta turen sørover seinare. Så berre fortset med å trø opp løypa!
Litt kipt å tenkja på at de alt har vore lenger på tur enn heile turen vår blir. Men så var det det med å sjå det store i det små.
God tur vidare alle i hop!