fredag 19. desember 2008

Regn og vind på Union Island


Me ligg for anker på Clifton,Union Island. I går kveld var me på "byen" = ei gate med butikkar og ein del andre bustadhus. Flyplassen ligg ved marinaen og flya kjem subbande over hovudgata får dei dumpar ned som i enden av gata.
Her var raeggae- gutane ute i gatene og surra, raude i augo, og med heimerulla sneipar. Tunge rytmar pumpa ut frå svære høgtalarar. Hårstilen som elles. Ei tue på hovudet og fossefall nedetter akslene med innvove falsk hår. Dei rettruande ventar at Heile Selassie skal koma att nett som me ventar Kristus.
Mange damer er svært fine i pussen. Dei er så reine og stilfullt danderte at dei kunne gå som modellar kor som helst. Andre har teke for seg av matfatet så dugleg at alt skubbar på seg når dei går. I alle høve er dei aktive, balar med forretning, matstell, barnepass. Ein del av karane går og stig.
Husa er måla i gilde fargar. Dersom eit norsk byggefelt hadde blitt måla slik, ville det lokale fargepolitiet slått til straks. Medan norsk politikk er kamuflasje av hus, er her politikken at huset ropar mot deg: grøn, blått, raudt, gult, turkis. Det ser i grunnen festleg ut. Like eins er det med fruktbuene på torget: Alle fargar.
Me er nå på tur mot St. Vincent. Vonar å koma til Tobago keys, ein korall og sandidyll straks nordom her. Vinden tek der, men sjøen er blikande stille, dei lange korallrev bryt sjøen.
I går kom me frå Sandy Island, via utsjekking i Hillboro ( på Carriacou ) Seilasen var frisk og rimeleg rask, kvass kryss.
Helsing Aslak

2 kommentarer:

Are sa...

Skip o'hoi!

Har akkurat sett litt på bloggen her. Vi splitter våre bramseil og ønsker dere en gledelig jul og godt, nytt år med mye medvind og god bør!

Husk å slå lens på babord hals!

Are og Henrik

Ex-Captain sa...

Kjekt at dere kosar dykk og dere klarte jo å segla heilt til Union island åleine.. Den è go. Eg har no komt meg vel heim etter over 2 døgn på reise etter at eg forlot dere på Grenada. No er da tilbake til jobb (skal på ein 2 vekers jobbtur til Kongo frå første juledag).
Kos dere med båten "min" og eg håper at dere vil få oppleve like mykje kjekt som vi gjorde.
-Yngve-