tirsdag 24. februar 2009

6 månader til neste frukost og flagheising på LENNUK

Lennuk står nå på land på Peake Yacht Service i Trinidad til Jordomsegling startar oktober 2009.

mandag 23. februar 2009

Kort om turen sørover 8. - 23. februar:

St Vincent:
Kingstown, Young Island. Snorkling, tur til toppen av Duvernet med kanonar, fiska barracuda på veg sørover.

Bequai:
Port Elisabeth, Admiralty bay. Middag hjå mobilfokusert jente. Dramatikk når ankeret ikkje ville opp når me måtte flytta pga avdrift. Heldigvis vart me ikkje hengane på tvers av ankerkjettingen til australieren bak... Taxi; Turtle farm, whaling museum, Moonhole

Tobago Cays:
2 netter. Skilpadde, hai, rokke.

Union Island:
Clifton, utsjekking frå St. Vincent and the Grenadines

Petit St Vincent:
Hummer, fottur opp og rundt den privateigde øya. Hissig vakt som jaga oss derifrå, men mildare etterkvart med avslutninga 'it's not me ju nåv, it's the manager...'.

Carriacou:
Sandy Island. Hillsboro, middag, med is!, på strandrestaurant ved bordet som me fekk av ei norsk kanadisk dame! Tyrell bay, mangroveskog. Fiska tunfisk på veg sørover nord for Les Tantes.

Grenada:
Molliniere point. Undervanns skulpturpark. St George. Fort George. Taxi: Grand Etang, foss, Morne Jaloux.

Trinidad:
Scotland bay, tur på land i jungel, første kontakt med howling monkeys.
Chagaramas og Peake's. Middagar og drikke på Vespa restaurant. Aslak i 3 dagars skytteltrafikk med gummibåten i hawaiskjorte og hatt for å ordna immigrasjons og tollpapira. Me andre prøvde å få det til å sjå ut som om me hadde det travelt med å klargjera båten for opplag... Kløing av dei etterkvart desperat mange myggstikka frå natta før, og natta før, og... natta før.
Port of Spain, barnas karneval søndag kveld, nydelige ungar, men desperat høg og monoton musikk.

Bileter frå turen

fredag 20. februar 2009

20.02.09


Gode lesar

Båten ligg nå i Scotland Bay i Trinidad. Me kom over havstykket frå Granada i går, turen tok 17 timar. Me sigla heile natta og halve dagen ( oml 90 naut mil og motstraum heile tida)

Turen går mot slutten. I dag skal me setja båten på land for lagring til neste tur, som etter planane startar for Kleng og Anne hausten 2009.

Det finnest ennå mange ting å skrøyta av, me har sett, me har høyrt , me har opplevd. Skrøytekalenderen er ennå ikkje full. Det vil koma nye innlegg om dette.

Ettertanken melder seg, kva var det me erfarte, kva har me lært, kva har turen gjort med oss? Nokre slike tankar har eg gjort meg.
For meg var det eit utruleg flott avbrot frå standard norsk liv og travel legekvardag. Temposkiftet ( meir avslappa ) og perspektivskiftet ( andre livskår, andre livsverdiar kring oss ) har gjort oss til meir tilfredse menneske. Kan hende går det fort over, det norske tempo og kav kan fanga oss inn att temmeleg fort. Likevel har me erfart dette, eg trur ikkje det kan missast. Menneske som opplevdest stolte og nøgde trass i lite midler er alltid til ettertanke.

Kvar av oss har elles fått med seg ettertankar til turen heim , som startar om 3 dagar. Signy og eg reiser til New York og stoggar hjå vener der i ei veke før me kjem heim att.
For vår eigen del vil me gjerne leggja inn nokre oppsummerande innlegg etter at turen er over, gjerne nokre bilete også.

Så vil me takka for flotte innlegg og kommentarar på bloggen!!
Me sette svært pris på dei, men diverre vart det lite med tilbakemeldingar frå oss til den som kommenterte.
Alle som har sett på og fylgt med på bloggen: Vonar de har hatt både spanande og lærerike stunder.
Det hadde vore betre med mange småinnlegg stadig, men tilgong til internett har variert og difor har det gått dagesvis mellom kvar gong me har lagt inn nye tekstrar.
Slik vart det.

Aslak

torsdag 19. februar 2009

lørdag 14. februar 2009

Helsing frå Målfrid og Lazaro

Hei alle saman.

Ja, nå er det blitt eit minne turen vår i Karibia. Me trur dette er noko av det mest annaleisa me har opplevd.

Me må innrømme at første dag tilbake var det herleg med ein skikkelig ferskvannsdusj, og den stora goa senga vår. Dessutan var det nydelig vinterver her heime. Men det gjekk ikkje så lenge før me sa: "Me vil tilbake". (jfr. Aslak si historie om byfolka som var på hyttetur på Sjernarøy). Nå er stovebordet fullt av konkylier og koraller. Eit syn, og Målfrid er glad ho ikkje gjorde eit valg av det ho hadde samla.

Sjøl om me opplevde ein del sjukdom og sjøsjuke då me var på båten, er det ikkje det me sit att med etterkvart. Me kjem nok ikkje til å segla rundt jorda, men er veldig glad for denne pplevinga saman med dykk på La Familia. Den er berre eineståande. Siste segldagen var verkeleg flott, i medvind frå Bequi til St. Vincent. Fine jevne dønningar, vind og sol i bikini utan å frysa (...når me les om de som fekk sjå delfinar hoppa rundt båten, blir me litt misunnelege...det var det me sat og ynskte oss då). Me samanlikna øyane med Ombo og Finnøy og Talgje etc. Men her var det skikkelig ope hav mellom øyane, og STORE bølgjer og dønningar. Den eine turen me hadde frå Petit St. Vincent til Mustique (som me ikkje nådde) er ein tur som eg kjem til å sjå for meg lenge!!!Eg veit, medan det står på, at dette er eit minne for livet, og som eg er glad for å ha, når det berre er over.

Eg (Målfrid) ser for meg dei svære bylgjene som eg syntes kom frå alle kantar, og Signy som plutselig nesten sat i sjøen, medan eg så og sei sto rett over henne på benken eg sat på. Signy sat med ryggen i sjøen og smilte. "Nei, han (båten) velte ikkje". Og det stemte heilt. Eg såg rett fram, og såg rett inn i bylgjene, for i neste øyeblikk å stå på ein åskam og sjå på havet der nede. Same kor store bylgjene var, vart dei estimert til 3m høge. Det var ikkje å stola på. Lazaro lukka augo i 4 timer før han bestemte seg for å mata fiskane... det smakte sikkert godt :-). Det var også utrulig jillt for meg å finna og samla konkylier og koraller på strendene. Eg laga ei heil utstilling på ei strand på Canouan av dei eg fann der, for dei som vil sjå det. Det var også veldig kjekt då Erling rodde Berit og meg inn til ei anna strand, og me fann og samla konkylier i høljeregn. Me var like våte under regnkleda som utanpå, men varme likevel.

Eg (Lazaro) ble kanskje sjøsjuke med å bare svømme 1. dagen? nei da... det var sikker noe annet eg fikk med på flyturen ned. Dag nr.2 ble matforgiftningå med kald roti på gatå i St Vincent. Deretter flunså som varte i fleire dager uten at hosten ga seg før fleire dager etter at eg var komme heim. Eg treng ikkje å gi fleire detaljer om resten. Som Aslak seier: "han har vore litt redusert". Det er kanskje litt flaut å sei at eg kunne like godt ha hatt opphold ved sjukehuset i Young Island en god del av turen. Men då eg var frisk drog eg i det blåe og kvite og det røde og svarte tauet som eg fikk beskjed om... kan tro at eg var sterk! Om eg lærte å knyte knuter? nei, dessverre. Men eg kan også sei i min favør at eg fiksa steikeovnen, fekk lov (og pris?) for å laga mat når eg var i stand til å eta, klatra på masta som Kleng ba meg om, satt framme på båten med Tivoli følelser under seiling, og ellers ga moralsk støtte til Aslak når han reparerte det som måtte fiksast under turen. Storkoste meg kvar gång eg hadde anledning til å snakka med dei lokale, uansett hudfarge var alle dei fulle av historier eg ville høyre.

Likte også når (iallefall) Målfrid lo av mine vitser, og når (iallefall) Aslak sang med meg på seilasen. Taxi-buss turen i St Vincent frå Young Island til Kingstown var også ei oppleving. Det var ikkje snakk om ikkje å vera merksame på å få folk med seg på bussen. Då me kom opp på vegen, var det ein "buss" som skulle motsett veg av det me skulle: Dei ville ha oss med, ... for etterpå "skulle dei jo tilbake". Det blei løyst med at den riktige taxi-bussen kom då og me gjekk på på denne. Calypsomusikk på full guffe og stappfullt. Rastahår på gutane, og stramt hår samla i hale etter fletter på jentene.

Siste kvelden aleine på St Vincent, med fargerik begravelsen og tilbake turen til restaurangen soldnedgangen og dei fine serviett (souvenir te Lazaro) + herlig middag og hostesaft te Aslak, var en nydlig måte å avslutte feien. Me forteller ikkje om tilbaketuren til kaien og båten, men me vet det som skjedde.

Alt dette båtlivet, det var både dramatisk og fullstendig avstressing. Det var nok meir styr for Aslak og Signy som hadde med seg så fullstendig uerfarne båtfolk som oss. Heldigvis var det eit par som kunne det med båt, og i tillegg, ikkje blei sjøsjuke ein einaste gong.

Me ser ofte føre oss stadene me var på, fargane på havet, det intense lyset, den fantastiske frodigheten, dei ufattelig vakre korallreva med ei ubeskriveleg framsyning av fiskar i intense fargar og fantasifulle mønster. Tenkjer nå at me skulle jo ha snorkla endå meir (forresten, kjekt å symja med symjeføter). Blir det ein "neste gong"? håper det...

Takk for å få lov te å bli med dokke på dette.

Lazaro og Målfrid (*)

---
(*) som har bidratt med å oversette Lazaro frå den rare dialekten han bruker, til noe leselig nynorsk.

fredag 13. februar 2009

Dagens store hending

Dagens store hending

Aase sine tankar 12.02.09



12 februar.

Hei !

Det er utrolig deilig å være i Caribien. Det gjer ingen ting om underlaget svaie, vindane ule. Det er akkurat slike lydar som skal til for å slappe godt av. Vi har tatt av oss klokka, står opp når det passe og legger oss når øynene ikkje vil holda seg oppe lenger.

Her har eg oppdaga den verden eg ikkje ante at eg skulle få sjå. Eg trudde at enten var ein født for å kunne pusta i maska eller så var ein det ikkje. Men nå trur eg at den som vil klara det, klare det. Under vannflaten finns jo så mye. Fisker i alle regnbuens farger og i alle fasonger, store og småe. Fleire har ein nydelige mellomblå farge. Knall gult er og ein farge som er mye brukt. Me får lov å gå nær inn på utan å skremme dei. De drive med sitt om me går rett over.
Det er også veldig masse lys under overflaten. Skyene ser me også under vann. Vi har også svømmt over skillpadder. Eg skulle ønska eg kunne malt litt meir med ord, så kunne dokke bedre forstått. Men nå må eg heller bare anbefale dokke om å snorkla der dokke er. så får dokke finne ut kva eg snakke om.

Me spise massse god mat. Signy tryller frem litt av kvert. Kvar dag lage me fersk brød. Nå er Venke og meg også blitt bakare. Brødet blir steikt oppi ei gryta på komfyren, og alltid smake det himmelsk.

Nå har me smakt både barakuda og kongefisk. Kjøttet har konsistens som kylling. Når Signy har filetert fisken finn vi heller ingen bein, så eg trur dokke ville likt smaken alle som ein.

Nå befinn me oss mitt i ein nasjonalpark, Tobago Cay. Det hender det regnar noen sekunder av og til. På de små øyene rundt vokser palmer. Som sagt slik er det for meg å ha det eksotisk. Alltid akkopanjert av naturens egen lydharpe.

Aase

Tobago Cays den 11.02.09

Nå er me komne til denne nasjonalparken att med nytt mannskap.
Dei siste par døgn har vinden vore sterk ( Opp mot liten kuling) og me har kjent det på båten, dønningane og vindtrykket at vinden har stilt nye krav til oss. For fyrste gong la me to anker jamnsides einannan for å hindra drag med forflytting.
I dag har me etter frukost og vassfylling, sigla frå Bequia hit, eit godt stykke. Grunna vinden og mannskapet tok me tri rev i storseglet og vel 2 rev i genoaen på slør.
Segleturen vart innhaldsrik, frå gråver, strålande sol til iltert og energisk regn. Me opplevde ein flokk med delfinar ved baugen. Nokre hoppa høgt i lufta!. Borte på sjøen såg me større delfinar.
Flygefiskar såg me i mengd . Dei fleste av oss sat ei tid framme på baugen og opplevde kjøret og spruten , stor oppleving. Farten var oppe i 9 knop.
Ved innseglinga til Tobago Ceys vart vinden ilter og straks etter ausa regnet ned og sette ned sikten.
Vel framme har me snorkla med skilpadder, vore på eit rev og sett småfiskar på botn og matfisk i open sjø. Eirik og Wenche sumde attende til båten og såg ei stor rokke under båten her.
Dagen bar med seg varierte og nye opplevingar for dei fleste av oss. Etter middag på ein Barracuda som me fiska undervegs, er me nå velnærte og trøytte.

AslakFar

tirsdag 10. februar 2009

Dagens bilder


I vinden!


Nå æ dæ æg (Airik) så sga prøva mæg på makken t Signy. Fyssta fårsøge gjekk jo rett i dass, fårrdæ atta æg hadde tru på atta makk lagre sjøl. Men kunå au trudde.

Me starta mæ ørlidegrann råkkenråll, å fårrdelen va atta me vart kjende mæ enn åssi. Han va greie!

Åsså la me plass et ekstra anker, å trykkte åss ner i gommibåden å for t Port Elisabett, men ikkje i Sør-Afrika. Då hadde dæ gjee lengar ti, å me hadde vel vorte blaudare au. Men der leigte me åss en åben pikkøpptaxi så tog åsse mæ, fysste t sjilpaddeåppdrett, åsså t kvalmuseum å t nogen gråttehus.

Sjilpaddene æ enn trua rase fårrdæ atta dai lokale liga litt for gått å skrabud innmaden av di å eda, så då drive di å sæde ut 5 år gamle nye. Såg noge potle ud, men di hadde visst sett ud øve 600 på dei 10-12 åra di hadde hille på.

På musee snakkte me mæ enn gammale tynnas så va sånasåen t en berømte kvalfangar frå øyna. Han viste fram dæ håndhilna utstyre så vart brukt t å ta live av opp t 70 fot lange knølkvala. Impregneranne! I en 26 fots trebåd mæ nogen te å ro, reiste di ud på have å lurde sæg innpå bagante, åssa klemdan i di enn hånharpun mæ snor festa t. Så vart dæ såregel en raklige påhengs, men motoren va framme, t kvalen vart trøtte nåkk. Då hoppte onkelen åpp på ryggjen av an å stappte av adle krefte enn knivharpun rett imjydlå ribbeinå i hjerta på an. Så vart han heven å sjøen av kvalen, men satsa på at an hadde troffe. Elles sleid an!

Gråttehuså va ikkje befålka, men var utruligt stilige mæ murde veggje å åbninga rett inn. Dei vart visstnåkk leigde ud t folk så hadde nåkk svikkt i knenå t å konna håndtera gått klima, men liden luksus.

Væl tebagars t båden håppte me rett t sjyss mæ snorkel å symjeføde. Meir kule fiska, berg, bølge å stilige fårrmasjona! Græla jillt.

T slutt va dæ middagsmad ude i mørknå å en temmelig friske vinn, men bag sprayhodden æ dæ hellste bara lyden igjen av heile veen.

søndag 8. februar 2009

08.02.09 Nytt mannskap



Etter ei langdryg reise var det fantastisk å koma fram tll Kingstown på St. Vincent, der Signy og Aslak venta med flag og solbrune, varme smil. Vel 35 grader lufttemperatur gjorde og godt etter eit iskaldt besøk i Toronto med snøslaps og vind. Signy si suppe og ferske brød smaka fortreffeleg, men det var nok snorkling i 26 grader varmt hav og tur til toppen av Duvernette som var det store eventyret den første dagen! Det nye mannskapet (Aase, Erling, Eirik og Wenche) har varierande grad av svimletokter, men me er enormt optimistiske og meiner bestemt at me stiller knallsterkt dag 2 etter ei god natts svevn!

7. 02.09 Tur i botanisk hage






Aslak og eg tok buss til Mesobetamia. Etter ein times gåing kom me til ein fantastisk hage.

fredag 6. februar 2009

Seglbåten




La Familia
Båten er overmåte seglvennlig. Det er som han trivst i sjøen. Tidlegare eigar ( Yngve Aasnes, ja dei med skia!) har på alle vis teke vare på og helde båten i stand. Det er innreidd verkstad der toalett nr 2 skulle vore. Verktøy og reservedeler finnest i rikt mon.
Inne er han vakkert innreidd i edeltre. Løysinga med alle skap og hyller gjer at mykje bagasje på kort tid kan stuast bort.
Det finnest to tankar til ferskvatn, til saman 400 liter (100gallons). Me har også nokre plastikkanner på 20 liter kvar ekstra. Gass til omnen er installert bak, i eige kammer. Dieseltanken tek over 100 liter.
Etter dei to verdsomsiglingane er det installert mykje elektronikk for navigering og kommunikasjon. Fleire instrument fungerer som GPS maskinar ( nøye navigering over heile jorda ). For større hav er også ein SSB radio installert (Kortbølgeradiosendar) . Vind og djupnemålarar er standard på slike båtar.
Mastetoppen er 20 meter over havflata. Kjølen stikk 2,4 meter under båten. Maskina er ein Volvo MD20 på 48 hestar, og på akslinga står ein fastpropell. Det er trygt, men set ned farten noko i høve til foldepropell.
For oppankring brukast eit ploganker på 20 kg festa til 75 meter 3/8” kjetting. Me brukar jamnt kjettinglengd på 3gonger djupna. Ankring på sandbotn plar vera sikkert

onsdag 4. februar 2009

Takk til mannskapet



Me sit att ved Young Island toeine. Vinden nappar i båten, nå vil han ut på tur att!
Takk til dykk 4 som var med oss i mest 3 veker. Me tenkjer på dei vekene med glede. Det var nytt for oss å vera i lag med andre par over så lang tid og på så liten plass
Takk til Lazaro. Båtlivet var nytt for deg. Du fann gitaren og song dei fine spanske songane. Matstellet fekk eit ekstra løft mot kulinariteten når du regjerte ved grytene. Diverre fekk du turen forsura med sjukdom og plager, men du heldt ut.
Målfrid. Du er raus og velviljug. For meg ( Aslak) var det særs å få vera i lag med eldste syster over så lang tid. Brøda vart kvar dag steikte, det passa du på. Du fortalde om dine turar i nord og sør.
Berit: Det var ei udelt glede å høyra låtten din. Å få sjå korleis du vart snorkletrygg var ei glede.
Berre teneste for andre i byssa. På land oppteken av blomar og tre. Du hadde namna på mange av dei.
Erling: Alltid aktiv med å hjelpa til med segling og påhengsbåten. Du hadde forstand på båtdrift frå før og tok raskt opp i deg prinsippa for segling. Gode historier liva opp samværet.

Alle deltok i seglinga med å hala i ymse tau, sume med tung handtering . Ved oppvaskbenken stod alle ubedde. I land var alle huga på å samtala med menneske me møtte.

Mange takk for 3 veker i Karibien
Signy og Aslak

Fantastiske knekkebrød



I fleire veker har me kosa oss med Berit sine knekkebrød. Dei er heilt fantastiske og kan anbefalast.

Knekkebrød

1l vatn
6 dl grov rug
3 dl havregryn
3 dl solsikkefrø
3 dl sesamfrø
3 dl havrekli

Fordel på tre brett og skjær opp i ruter.
Steik i 15 min på 200 gr (Varmluft)
Deretter 2 t på 100 gr med ovnsdøra på gløtt.

tirsdag 3. februar 2009

søndag 1. februar 2009

01.02,09 Aslak skriv


Fortredeligheter i båt.
Eg vil at de ikkje skal vera uvitande, brør: i båtar er det alltid noko som gir hovudbrot.
Me kjøpte ein lettbåt, her kalla dingy. dørken er laga som ei luftmadrass. Det var lekkasje i liminga til oppblåsingsflensen. Den er sidan limt av Kleng, Aslak, Kleng og Signy. For tida er den tett, men ”dørken” er også kompromissmjuk. Me vågar oss ikkje på å blåsa den opp til full stivleik.

Etter at Kleng, Signy og eg tok salto i lag med lettbåten i brotet på stranda ved Petit St Vincent, fekk Kleng spylt påhengsmotoren med ferskvatn og bytt motorolje ( 4 takter ). Elles er motorvanskane omtala tidlegare.

Ein kveld var det slik skrekkeleg lukt nede i båten, jentene mistenkte bensindamp, me gutane undrast på om det var aceton. I alle høve var det flyktige hydrokarboner, mogleg brannfarleg.
Det vart leiting over alle stader med nasen som hjelp. Teven var sterkast bak ved motoren. Alle deksel av, nasen i full funksjon. Nitid leiting etter flytande væske, oppturking med turkepapir og q-tips. Ingenting å finna. Leitinga samla seg kring trykkboller og varmevekslarsprinkler til kjøleskap og frysebok. Så pussa eg av støv på radiatorsprinklene på båe. Sidan har det ikkje lukta, kjølesskapet brukar mindre straum og during frå pumpa er stogga. Lærepenge: Hald radiatorflatene / sprinklene reine for å få god varmeveksling.

I går stogga konvertenen å lysa, PCen med C-map ( navigering ved hjelp av datamaskin, GPS og datakart ) gjekk tom for straum og me måtte navigera på ”gamlemåten” med kart og kompass. Det tyktest uråd å få produsert 220V straum. I dag planla eg å byta sikring (byta sikring 40 med sikring 42 ) Etter plunder med dette enda det med at eg skrudde sikringane til att: då fungerte konverteren att .Lærdom: Irr på ledningar er framleis ei aktuell diagnose.

Rulleseilet framme vert organisert via eit snurresystem som heiter Furlex. Me har hatt ein del plunder med den. Opprulling av seglet har kosta mykje krefter og ergring. For nokre dagar sidan var plutseleg alt gale. Det gjekk ikkje å snurra inn. Innsnurringssnora hadde krulla seg oppover staget! Me måtte ned med genoaen i nokså rufsete vind.
Så fann eg at festet for Furlextrommelen hadde gitt seg , den var laus. Etter instruksjonsboka vart den festa att, snora rulla inn att og seglet montert. Dessutan flytte eg siste blokka for innmating av rullesnora nærare for å få korrigert vinkelen. Sidan har innrulling av furlex vore ujamn, men eg såg i går at wiren til kloa for innmating av selget på staget var skadd . Teorien er at kloa med wire må skuvast inn i eit spor etter bruk.

I dag har Lazaro ( og litt eg ) demontert gassbyssa. Steikeomnen har ikkje virka. Nå har me justet følaren på flammen i steikeomnen, and lo and behold: Steikeomnen er god som ny!

I dag er me på Canouan. Me kom hit etter nokså friske kryssingar på Atlanterhavssida. Båten oppførde seg som ei unggeit. Ein gong kom sjøen fossande frå baugen, over dekk, så over og under kalesjen og over oss som ein foss. Styrebrunnen stod høg i sjø. Målet i går var Mustique, men dagen gjekk og ein del av mannskapet indisponert. Me braut av og fann livd i ei lita bukt på nordvestsida av øya. I natt og dag tidleg har det samregna, vore lett regn vekslande med vindstille og vind. Lazaro og underteikna har dusja oss i regnet.
Broder Aslak

01.02.09 Erling sine tankar




Kjære venner
Ringen er slutta. Vi har ankra opp ved Young Island på St. Vincent, same hamna som vi mønstra på i den 14. januar. No gjenstår pakking og opprydding. I kveld startar første etappe på heimreisa. Vi tek småfly til Trinidad og vidare derifrå i morgon tidleg. Vi har hatt tre flotte veker og opplevd og sett ein masse. Inntrykka er enno ferske og lite bearbeidde. Men nedanfor kjem ein del tankar slik som eg har opplevd opphaldet i Karibien.
Folk og natur
Vi har halde oss i Grenadinene. Dette er ei øygruppe midt i det flottaste området i Karibien. Frodige vulkanske øyar omkransa av vide sandstrender og utanfor der igjen korallrev. Dei er like flotte som dei finaste turistbrosjyrer viser. I tillegg er dei omkransa av blått klart vatn som er 24-25 grader varmt. I lufta ligg temperaturen på knapt 30 grader. Monsunen bles konstant frå nord-vest og gjer at varmen ikkje føles trykkande. Monsunen gir og god og stabil seilevind. Det finst også ei bakside med openbar fattigdom og underutvikling. Men folk flest virka blide, hjelpsame og fornøgde.
Båten
La Familia er ein havseilar på 44 fot. Altså ein stor seilebåt etter norske forhold. Likevel er plassen begrensa når seks personar skal bu ombord i lengre tid. Dette krev samarbeid og tilpassing frå kvar enkelt –Dette har gått heilt utan problem. Den største utfordringa ombord er at straum og ferskvatn er begrensa og må brukast forsiktig.
Mannskapet
Aslak og Signy kjende vi godt frå før. Dei har vist nye sider og nye talent. Aslak oppfattar alt som går gale som ei utfordring og ikkje eit problem. Han er i sitt ess når han pressar båten fram i 8-9 knop med rekka i sjøen. Men med all respekt for Aslak så er det ingen tvil om at den viktigaste personen ombord er Signy. Ho har den fulle oversikt og kan utføra eit kvart oppdrag ombord. Dette gjeld alt få handtering av båten i hardt ver til å servera fersk heimebaka brød kvar dag. Takk Signy - – du har verkeleg imponert oss! Målfrid og Lazaro var uvande med båtliv og fekk ei bratt lærekuve. Men pågangsmot og ståpåvilje har kompansert for manglande erfaring. Lazaro sin latinamerikanske vri på enkle rettar sette og ein ekstra spiss på mangt eit måltid.
Daglegliv
Vi har vore her i tre veker - kva har vi eigentleg gjort på? Faktisk ikkje så mykje når eg tenkjer meg om Men morgonbad, lang frokost og snorkling på korallrev har vore faste ingredienser. Så har vi naturlegvis brukt ein del tid på seiling.
Ei uventa utfordring for meg var å finna trygg ankringsplass. Grunna brenningar og kraftig drag i sjøen går vi aldri til land med båten. Vi ankrar opp i ei beskytta bukt og brukar lettbåten til lands. Kvar kveld ba eg ei stille bønn om at ankerfestet måtte halda. Det har virka bra for kvar morgon vakna vi på same plass som vi var då vi gjekk til sengs. Eg tok av meg klokka den dagen eg ankom og skal ta henne på igjen i kveld. På tre veker har eg kun vaska meg i saltvatn -ingen problem! Lys, mørkre og appetitt kombinert med tilfeldigheter og innfall har styrt dagane og døgnrytmen.

På tysdag er vi heime igjen og på onsdag skal vi på jobb. Overgangen blir stor. Vi vil garantert ofte tenkja tilbake på opphaldet i Karibien og fylgja spent med korleis det går med neste mannskap. Dei har mykje å gleda seg til.
Takk for oss og takk for at vi fekk tilbudet om å vera med på ei slik fantastisk oppleving

Helsing
Berit g Erling