søndag 1. februar 2009

01.02,09 Aslak skriv


Fortredeligheter i båt.
Eg vil at de ikkje skal vera uvitande, brør: i båtar er det alltid noko som gir hovudbrot.
Me kjøpte ein lettbåt, her kalla dingy. dørken er laga som ei luftmadrass. Det var lekkasje i liminga til oppblåsingsflensen. Den er sidan limt av Kleng, Aslak, Kleng og Signy. For tida er den tett, men ”dørken” er også kompromissmjuk. Me vågar oss ikkje på å blåsa den opp til full stivleik.

Etter at Kleng, Signy og eg tok salto i lag med lettbåten i brotet på stranda ved Petit St Vincent, fekk Kleng spylt påhengsmotoren med ferskvatn og bytt motorolje ( 4 takter ). Elles er motorvanskane omtala tidlegare.

Ein kveld var det slik skrekkeleg lukt nede i båten, jentene mistenkte bensindamp, me gutane undrast på om det var aceton. I alle høve var det flyktige hydrokarboner, mogleg brannfarleg.
Det vart leiting over alle stader med nasen som hjelp. Teven var sterkast bak ved motoren. Alle deksel av, nasen i full funksjon. Nitid leiting etter flytande væske, oppturking med turkepapir og q-tips. Ingenting å finna. Leitinga samla seg kring trykkboller og varmevekslarsprinkler til kjøleskap og frysebok. Så pussa eg av støv på radiatorsprinklene på båe. Sidan har det ikkje lukta, kjølesskapet brukar mindre straum og during frå pumpa er stogga. Lærepenge: Hald radiatorflatene / sprinklene reine for å få god varmeveksling.

I går stogga konvertenen å lysa, PCen med C-map ( navigering ved hjelp av datamaskin, GPS og datakart ) gjekk tom for straum og me måtte navigera på ”gamlemåten” med kart og kompass. Det tyktest uråd å få produsert 220V straum. I dag planla eg å byta sikring (byta sikring 40 med sikring 42 ) Etter plunder med dette enda det med at eg skrudde sikringane til att: då fungerte konverteren att .Lærdom: Irr på ledningar er framleis ei aktuell diagnose.

Rulleseilet framme vert organisert via eit snurresystem som heiter Furlex. Me har hatt ein del plunder med den. Opprulling av seglet har kosta mykje krefter og ergring. For nokre dagar sidan var plutseleg alt gale. Det gjekk ikkje å snurra inn. Innsnurringssnora hadde krulla seg oppover staget! Me måtte ned med genoaen i nokså rufsete vind.
Så fann eg at festet for Furlextrommelen hadde gitt seg , den var laus. Etter instruksjonsboka vart den festa att, snora rulla inn att og seglet montert. Dessutan flytte eg siste blokka for innmating av rullesnora nærare for å få korrigert vinkelen. Sidan har innrulling av furlex vore ujamn, men eg såg i går at wiren til kloa for innmating av selget på staget var skadd . Teorien er at kloa med wire må skuvast inn i eit spor etter bruk.

I dag har Lazaro ( og litt eg ) demontert gassbyssa. Steikeomnen har ikkje virka. Nå har me justet følaren på flammen i steikeomnen, and lo and behold: Steikeomnen er god som ny!

I dag er me på Canouan. Me kom hit etter nokså friske kryssingar på Atlanterhavssida. Båten oppførde seg som ei unggeit. Ein gong kom sjøen fossande frå baugen, over dekk, så over og under kalesjen og over oss som ein foss. Styrebrunnen stod høg i sjø. Målet i går var Mustique, men dagen gjekk og ein del av mannskapet indisponert. Me braut av og fann livd i ei lita bukt på nordvestsida av øya. I natt og dag tidleg har det samregna, vore lett regn vekslande med vindstille og vind. Lazaro og underteikna har dusja oss i regnet.
Broder Aslak

2 kommentarer:

Unknown sa...

Prøver igjen...
Har fått opp Skype i heimen, men fekk ikkje tak i Signy. Tysdag kl 21 vår tid?

Anonym sa...

Så bra Aslak. Stå på!