lørdag 14. februar 2009

Helsing frå Målfrid og Lazaro

Hei alle saman.

Ja, nå er det blitt eit minne turen vår i Karibia. Me trur dette er noko av det mest annaleisa me har opplevd.

Me må innrømme at første dag tilbake var det herleg med ein skikkelig ferskvannsdusj, og den stora goa senga vår. Dessutan var det nydelig vinterver her heime. Men det gjekk ikkje så lenge før me sa: "Me vil tilbake". (jfr. Aslak si historie om byfolka som var på hyttetur på Sjernarøy). Nå er stovebordet fullt av konkylier og koraller. Eit syn, og Målfrid er glad ho ikkje gjorde eit valg av det ho hadde samla.

Sjøl om me opplevde ein del sjukdom og sjøsjuke då me var på båten, er det ikkje det me sit att med etterkvart. Me kjem nok ikkje til å segla rundt jorda, men er veldig glad for denne pplevinga saman med dykk på La Familia. Den er berre eineståande. Siste segldagen var verkeleg flott, i medvind frå Bequi til St. Vincent. Fine jevne dønningar, vind og sol i bikini utan å frysa (...når me les om de som fekk sjå delfinar hoppa rundt båten, blir me litt misunnelege...det var det me sat og ynskte oss då). Me samanlikna øyane med Ombo og Finnøy og Talgje etc. Men her var det skikkelig ope hav mellom øyane, og STORE bølgjer og dønningar. Den eine turen me hadde frå Petit St. Vincent til Mustique (som me ikkje nådde) er ein tur som eg kjem til å sjå for meg lenge!!!Eg veit, medan det står på, at dette er eit minne for livet, og som eg er glad for å ha, når det berre er over.

Eg (Målfrid) ser for meg dei svære bylgjene som eg syntes kom frå alle kantar, og Signy som plutselig nesten sat i sjøen, medan eg så og sei sto rett over henne på benken eg sat på. Signy sat med ryggen i sjøen og smilte. "Nei, han (båten) velte ikkje". Og det stemte heilt. Eg såg rett fram, og såg rett inn i bylgjene, for i neste øyeblikk å stå på ein åskam og sjå på havet der nede. Same kor store bylgjene var, vart dei estimert til 3m høge. Det var ikkje å stola på. Lazaro lukka augo i 4 timer før han bestemte seg for å mata fiskane... det smakte sikkert godt :-). Det var også utrulig jillt for meg å finna og samla konkylier og koraller på strendene. Eg laga ei heil utstilling på ei strand på Canouan av dei eg fann der, for dei som vil sjå det. Det var også veldig kjekt då Erling rodde Berit og meg inn til ei anna strand, og me fann og samla konkylier i høljeregn. Me var like våte under regnkleda som utanpå, men varme likevel.

Eg (Lazaro) ble kanskje sjøsjuke med å bare svømme 1. dagen? nei da... det var sikker noe annet eg fikk med på flyturen ned. Dag nr.2 ble matforgiftningå med kald roti på gatå i St Vincent. Deretter flunså som varte i fleire dager uten at hosten ga seg før fleire dager etter at eg var komme heim. Eg treng ikkje å gi fleire detaljer om resten. Som Aslak seier: "han har vore litt redusert". Det er kanskje litt flaut å sei at eg kunne like godt ha hatt opphold ved sjukehuset i Young Island en god del av turen. Men då eg var frisk drog eg i det blåe og kvite og det røde og svarte tauet som eg fikk beskjed om... kan tro at eg var sterk! Om eg lærte å knyte knuter? nei, dessverre. Men eg kan også sei i min favør at eg fiksa steikeovnen, fekk lov (og pris?) for å laga mat når eg var i stand til å eta, klatra på masta som Kleng ba meg om, satt framme på båten med Tivoli følelser under seiling, og ellers ga moralsk støtte til Aslak når han reparerte det som måtte fiksast under turen. Storkoste meg kvar gång eg hadde anledning til å snakka med dei lokale, uansett hudfarge var alle dei fulle av historier eg ville høyre.

Likte også når (iallefall) Målfrid lo av mine vitser, og når (iallefall) Aslak sang med meg på seilasen. Taxi-buss turen i St Vincent frå Young Island til Kingstown var også ei oppleving. Det var ikkje snakk om ikkje å vera merksame på å få folk med seg på bussen. Då me kom opp på vegen, var det ein "buss" som skulle motsett veg av det me skulle: Dei ville ha oss med, ... for etterpå "skulle dei jo tilbake". Det blei løyst med at den riktige taxi-bussen kom då og me gjekk på på denne. Calypsomusikk på full guffe og stappfullt. Rastahår på gutane, og stramt hår samla i hale etter fletter på jentene.

Siste kvelden aleine på St Vincent, med fargerik begravelsen og tilbake turen til restaurangen soldnedgangen og dei fine serviett (souvenir te Lazaro) + herlig middag og hostesaft te Aslak, var en nydlig måte å avslutte feien. Me forteller ikkje om tilbaketuren til kaien og båten, men me vet det som skjedde.

Alt dette båtlivet, det var både dramatisk og fullstendig avstressing. Det var nok meir styr for Aslak og Signy som hadde med seg så fullstendig uerfarne båtfolk som oss. Heldigvis var det eit par som kunne det med båt, og i tillegg, ikkje blei sjøsjuke ein einaste gong.

Me ser ofte føre oss stadene me var på, fargane på havet, det intense lyset, den fantastiske frodigheten, dei ufattelig vakre korallreva med ei ubeskriveleg framsyning av fiskar i intense fargar og fantasifulle mønster. Tenkjer nå at me skulle jo ha snorkla endå meir (forresten, kjekt å symja med symjeføter). Blir det ein "neste gong"? håper det...

Takk for å få lov te å bli med dokke på dette.

Lazaro og Målfrid (*)

---
(*) som har bidratt med å oversette Lazaro frå den rare dialekten han bruker, til noe leselig nynorsk.

Ingen kommentarer: