onsdag 4. februar 2009

Takk til mannskapet



Me sit att ved Young Island toeine. Vinden nappar i båten, nå vil han ut på tur att!
Takk til dykk 4 som var med oss i mest 3 veker. Me tenkjer på dei vekene med glede. Det var nytt for oss å vera i lag med andre par over så lang tid og på så liten plass
Takk til Lazaro. Båtlivet var nytt for deg. Du fann gitaren og song dei fine spanske songane. Matstellet fekk eit ekstra løft mot kulinariteten når du regjerte ved grytene. Diverre fekk du turen forsura med sjukdom og plager, men du heldt ut.
Målfrid. Du er raus og velviljug. For meg ( Aslak) var det særs å få vera i lag med eldste syster over så lang tid. Brøda vart kvar dag steikte, det passa du på. Du fortalde om dine turar i nord og sør.
Berit: Det var ei udelt glede å høyra låtten din. Å få sjå korleis du vart snorkletrygg var ei glede.
Berre teneste for andre i byssa. På land oppteken av blomar og tre. Du hadde namna på mange av dei.
Erling: Alltid aktiv med å hjelpa til med segling og påhengsbåten. Du hadde forstand på båtdrift frå før og tok raskt opp i deg prinsippa for segling. Gode historier liva opp samværet.

Alle deltok i seglinga med å hala i ymse tau, sume med tung handtering . Ved oppvaskbenken stod alle ubedde. I land var alle huga på å samtala med menneske me møtte.

Mange takk for 3 veker i Karibien
Signy og Aslak

Ingen kommentarer: