fredag 6. februar 2009

Seglbåten




La Familia
Båten er overmåte seglvennlig. Det er som han trivst i sjøen. Tidlegare eigar ( Yngve Aasnes, ja dei med skia!) har på alle vis teke vare på og helde båten i stand. Det er innreidd verkstad der toalett nr 2 skulle vore. Verktøy og reservedeler finnest i rikt mon.
Inne er han vakkert innreidd i edeltre. Løysinga med alle skap og hyller gjer at mykje bagasje på kort tid kan stuast bort.
Det finnest to tankar til ferskvatn, til saman 400 liter (100gallons). Me har også nokre plastikkanner på 20 liter kvar ekstra. Gass til omnen er installert bak, i eige kammer. Dieseltanken tek over 100 liter.
Etter dei to verdsomsiglingane er det installert mykje elektronikk for navigering og kommunikasjon. Fleire instrument fungerer som GPS maskinar ( nøye navigering over heile jorda ). For større hav er også ein SSB radio installert (Kortbølgeradiosendar) . Vind og djupnemålarar er standard på slike båtar.
Mastetoppen er 20 meter over havflata. Kjølen stikk 2,4 meter under båten. Maskina er ein Volvo MD20 på 48 hestar, og på akslinga står ein fastpropell. Det er trygt, men set ned farten noko i høve til foldepropell.
For oppankring brukast eit ploganker på 20 kg festa til 75 meter 3/8” kjetting. Me brukar jamnt kjettinglengd på 3gonger djupna. Ankring på sandbotn plar vera sikkert

Ingen kommentarer: