lørdag 3. januar 2009

Canouan, Mayrau, Union Island



Canouan den 31.12.2008


Det er nyårsafta. Me har ankra opp i ei bukt sør for øya, det er ei vid bukt med lang kvit strand, bukta har sandbotn, men med felt av øydelagde korallar. Eg undrast om korallane er øydelagde av stormver eller miljøskader. Røysar av korallgreiner ligg strøydde lik skjelett bortetter botnen.( på spørsmål om dette svarar fiskarane at det er uver som har knust korallane) Eg er blitt oppteken av dei fine konkyliene. Signy og eg snorklar over sandbotnen og eg ser ei konkylie der nede. Er så sikker på at ho er dau. Får henne med meg og set fingrane kring kanten, der kjenner eg at sniglen er heime, og eg slepper henne straks ned di ho budde,
Me har vore eit par dagar på St Vincent. Der var me på handel i Kingstown. Rart å sjå at det gjekk halvtimesvis før me møtte andre kvite menneske. Såg etter eit bord for å å ha i cockpiten. Varm og sveitt var jobben, me fann ikkje det me ville.
Båten låg ved Young Island, noko aust for Kingstown. Med gummibåten reiste me bort til ei bratt øy,Douvernette. Det var observert ein sti med trappetrinn oppetter stupbratte fjellveggen. Etter ei plundrete landing ved ein utrasa kai, kom me oss på stien. Det gjekk lukt til vers. Grus var rasa på trinna gelenderstokkane var fallne ut, oppe vaks tre og buskar att over vegen. På toppen storslegen utsikt , dessutan fire svære kanonar på lavettar og ein mortar (mortaren bar årstalet 1600) Kanonene bar monogram GR3 og GR4. Dei stod på lavettar., Det var rester etter eit steinmura hus. Lengre nede gjekk eg inn på ein sidesti mot sør: Der fann eg tilsvarande 4 kanoner og ein mortar. Eit steinmura hus og ein sisterne var også å finna i buskaset. For meg ei påminning om den blodige og krigerske fortid for landa her. (kan GR bety George Rex og talet kva for ein georg?)
Kleng har kjøpt påhengsmotor til gummibåten, så nå er det slutt på dei komiske roturane i lag med alle motorfolka. I båtsamlingane i ”marinaene” er det elles framsyning av båtutstyr målt i høgde, lengde, blenk og fartspotensiale. Der vert me smågutar å rekna.
Han kjøpte seg også tidleg ei fiskesnelle og fekk overta ei fiskestong.Under seilas har me oftast hengande snøre ute med ein gummiblekksprut. Ein gong fekk me napp. Sidan var det ikkje noko å kjenna, det synte seg at kroken var nappa av sluken. Me undrast ennå på kva det var. I dag fekk me napp på ny, for å bremsa på den gode farten på rom slør med full garderobe oppe, loffa me opp, tok inn genoa, starta motor og fekk ned storseglet, Me sveiva inn; Jau det var både glede og vonbort på ein gong., Ein fin stor makrell hang på kroken, straks bak nakke var han som klipt av.
Likevel vart det stykket som var att nok til middag for oss 4. Fiskarane her er sikre på at det var ein Barracuda som hadde angripe fisken vår, Det vart middag til ein barracuda og 4 menneske.
Denne teksten vart ikkje send som forventa, det var ikkje tilgong på internett., I skrivande stund har eg teke fram att teksten og skriv vidare, det er 03.01.09 og me ligg i ly for korallrev utanføre Clifton på Union Island. Me var eit døgn på Mayreau, ei mindre øy med 300 menneske, lange sandstrender og korellrev kring. Me har endå ein gong snorkla over rev, her var litt meir levande rev, meir koraller i vokster. Stadig ser me skilpadder i rom sjø . I dag såg eg og Signy ei vakker stor rokke under båten .
Med beste ynskje om ei fredeleg nytt år frå oss 4
Aslak

4 kommentarer:

Unknown sa...

Har nettopp hatt selskap med besøk av bl.a. Målfrid og Lazaro. Me drøste litt om kor gildt det er å kunna lesa om korleis det går med dei i Karibien! Godt nyår til dykk og.

Anonym sa...

Godt nytt år til Signy og dine medseilere. Nå er det rett før morgenmøte på Lassa. Ferien har vært preget av forkjølelser, magesjau eller hoste for mange - så det er ikke fritt for at vi gjerne skulle vært hos dere. Men intet alvorlig er meldt, så da sviver alt videre.

Anonym sa...

Hei Signy
Godt nytt år. Høres helt fantastisk ut slik dere har det.Her hjemme er det kaldt - gradestokken viste 7 minus grader idag 5.jan.
Jul og nyttår er over - forkjølelse har og har vi hatt alle hjemme hos oss. Jeg har vært med på konsert med prosjektkor denne helgen - sunget oratorium av Saint Sans - FANTASTISK opplevelse. Musikken "synger" i hodet mitt. Ha det godt og god tur videre....hilsen fra Ellen (på Lassa)

Anonym sa...

Hei
No skulle alt vera klart for det store eventyret. Pass, bilettar og vaksinar er i boks. Vi har bestillt bilettar saman med Målfrid og Lazaro frå Port Of Spain den 14.01. kl. 08:40 med ankomst St. Vincente kl. 09:40 - flight nr. LI 384. Vi må få tilbakemelding om vi blir henta på flyplassen eller om vi må ta oss fram til båten på eiga hand.
Vi satsar på å få alt det nødvendigaste i handbagasjen og sjekkar kun inn bagasje somm vi kan klara oss utan. Går ut frå at vi har same reiseruta frå Port Of Spain til Kingstown som Signy, tek gjerne mot nyttige tips dersom det er ting vi bør vera obs. på
Før avreise overfører vi eit passande beløp til Signy sin konto. Reknar med å greia oss med Visa/Master Card og litt dollar i form av reisesjekkar og litt kontant.
Helsing
Berit og Erling