mandag 12. januar 2009

Gode dagar i St.Vincent, Karibien.


Gode lesar.
Nå sit Signy og eg att i båten ved Yound Island, straks aust for Kingstown på St. Vincent.
Etter nokre dagar med segling i uthamner og til mindre øyar kom me hit i går. Kleng og Anne pakka og reiste så i dag føremiddag.
Stadig er det sola som rår på himmelen, i natt kom det eit par skikkelege regnskurar, vinden er stadig av nordvest, vekslar mellom 10og 20 knop for det meste.
På seilasane imponerer stadig flygefisken med sine lange og stundevis høge flygeturar. Dei held vengjene / brystuggane rakt ut og fer over bølgene, gjerne i lange strekk. I staden for eit flatt vele som på fuglar, har dei spor og eg undrast korleis flyginga kan føregå med så god balanse.
Tidlegare har eg nemnt noko om fiskinga vår: Kleng har kjøpt særs flott snelle og sen som toler 25 kg, me fiskar med ein gummiagn som illuderer ein akkar. Gummiagnet har gilde fargar og ein del blanke felter. Fyrst opplevde me ei kraftig napp, senen rasa ut. Straks etter kunne Kleng snella inn ein sluk som mangla krok. Neste gong fekk me ein fisk som var som klipt av 10cm bak hovudet. Hovudform og fremre del av fisken røpa både storleik og spenst i fisken. Me hadde oss middag av det som var att, barracuda / hai fekk altså mesteparten. Sidan fekk me ein gul fisk. Me hadde middag på den. Kjøtet ved ryggsøyla var seigt, lengre ute fint og laust etter steiking. På veg hit rasa snella ut att. Eg prøvde å stansa utraset med fingen og brende meg. Kleng tok opp kampen. Det var som å fanga ubåt: anten var det slakk tamp, eller så var det utras, snella med full brems, utras. Fiskestonga er halv, berre nedre halvparten vert brukt, den bøygde seg 90 grader! Så brått var det stille i stonga og senen. Alt var forsvunne. Me skulle hatt Ivar Stang med oss då.
Tobago Keys heiter eit svært populært område sørom her. Det er eit stort areal med korallrev. Vatnet er klårt og alle slag fiskar er å sjå. Eg har to gonger sett Stingray (stor rokke ) der. Utallige skilpadder beiter på gras på sjøbotn. Eg vert glad av å sjå skilpadder. Det er ei eiga glede og tilfredsstilling å sjå pustande dyr i sjøen. Det er som å ha full sumar og god varme i sjøen og vera i Vignesholmane.
Andre øyar me har vitja utanom Bequia er Canuan, Mayreau, Petit St. Vincent, Union Island, Carriacou. Mustique ligg I nærleiken, men der er prisar og personar så utanom mitt budsjett. Prinesse Margaret, Mick Jagger laga seg reir der. Det er fælande
dyrt å gå i land.
Desse øyane kan eg ikkje unngå å sjå på som Talgje, Fogn og Skartveit. Sjølve St Vincent er Ombo, med mykje skog og fjell. Ein vulkan på om lag 1000meters høgd kronar øya.
Me er alle i ymse grader steikte av sola. Fleire slag kremar og salvar vert med stor iver oversmurt våre nordiske bleike kroppar og for å unngå alvorleg skade. Med dette slaraffenlivet ( me går opp og ned, balar med segl, lettbåt, sym i havet ) kjenner me på eit vist forfall. Disiplinen til å setja i gong med gymnastikk har ikkje kome til oss.

På La Familia Aslak.

Ingen kommentarer: